Inaktiv

Helsefagarbeidar

Arbeidsgiver
Vanylven kommune, Vanylven helse- og omsorgssenter, avd 3
Stillingstittel
Helsefagarbeidar
Frist
31.08.2024

Beskrivelse

Vanylven Helse og Omsorgssenter, avdeling 3 har ledig stilling i inntil 100% fast som helsefagarbeider på avdeling 3.
Ynskjer du ein spennande og meiningsfull jobb med høve til fagutvikling i eit utviklingsorientert miljø, er dette jobben for deg!

Avdeling 3 har totalt 26 plassar fordelt på tre grupper. Langtidsplasser, korttidsplasser/rulleringsplasser, skjerma enhet.

Som helsefagarbeider på avdeling 3 jobbar du med bebuarar med komplekse og samansatte diagnoser. Jobben inneber tett samarbeid både tverrfagleg og tverrprofesjonelt, med brukarar og pårørande. Som helsefagarbeider hos oss har du høve til å vere med å utvikle din eigen arbeidsplass og bidra til koordinering av tenestene vi yter.

Vanylven helse- og omsorgssenter har god fagleg kompetanse og har fokus på både individuell og kollektiv utvikling. Vi har tett samarbeid med sjukeheimslege med legevisitt to gonger i veka, har eige laboratorium for prøvetaking.

Er du innovativ, jobbar for kontinuerlig forbetring, og kan bidra med nye idear og perspektiv i utvikling av tenesta? Då ynskjer vi akkurat deg med på laget!
Arbeidet inneber per tiden to delt turnus med vakter på dag og kveld. Med arbeid kvar tredje helg. Det kan vere mulig med langvakter og komprimert turnus. I løpet av 2024 blir det starta opp med planlegging av årsturnus, noko som vil skape forutsigbarhet for deg som arbeidstakar. Turnus kan tilrettelaggjast etter behov så langt det let seg gjere. Stillingsprosent er inntil 100%, men kan tilpassast etter ynskje.

Vanylven kommune har desse rekrutteringstillegga for helsefagarbeidarar pr år i 100% stilling: nattevaktstillegg på kr 3.000,-, tillegg for å jobbe "bonushelg" på kr 220,- pr time, Kr 3.000,- for å vere organisert i ei fagforening.

Avdeling 3, er lokalisert ved Vanylven helse-og omsorgssenter på Fiskå, som sto ferdig i 2014 og framstår som nytt og funksjonelt.

Vanylven kommune har også overnattingstilbud for dei som ønsker å jobbe i komprimert turnus. Ta kontakt for meir informasjon.

Høyrest dette spennande ut? Ta gjerne kontakt med avdelingsleiar for meir informasjon om stillinga.



Arbeidsoppgåver

Helsefaglege oppgåver

Dagleg stell og pleie etter bebuarane sine behov og tiltaksplaner
Observere, vurdere og kartlegge behov hos bebuarane
Sørge for god dokumentasjon og utarbeiding av tiltaksplaner i EPJ. Vi nytter Helseplattforma.

Medikamenthandtering
Tverrfagleg samarbeid med anna fagpersonell som fysioterapeut, ergoterapeut, lege og andre einingar
Sikre gode pasientforløp
Ta i bruk velferdstekologiske løysingar

Kvalifikasjonar

Fagbrev som helsefagarbeider/aut.Hjelpepleier


Gjerne relevant vidareutdanning og kurs


Godkjent politiattest


God kunnskap og dokumentasjon og bruk av IKT verktøy


Gode språkkunnskaper i norsk både munnleg og skriftleg


Effektiv fleksibel og løysingsorientert


Engasjert og ynskjer å bidra til å utvikle avdelinga


Positiv bidragsytar til eit godt arbeid

Personlege eigenskapar

Du arbeider for eit kontinuerleg godt og utviklande arbeidsmiljø


Du likar utfordrande arbeidsoppgåver og varierte arbeidsdagar


Du er fleksibel, serviceinnstilt og interessert i forbetringsarbeid


Du tek initiativ, er positiv, tilpasningsdyktig og tek ansvar


Du kan arbeide sjølvstendig og i samarbeid med andre


Personleg egnaheit blir vektlagt

Vi tilbyr

Faglege utfordringar


Spennande og variable kvardagar


Moglegheit for eigenutvikling


Positivt og godt etablert arbeidsmiljø med dyktige kollegaer


Godt samarbeid både internt i avdelinga og tverrfagleg
Løn etter gjeldande tariff, gode pensjonsordningar

Kontaktinformasjon

Rose-Mari Thunem Nygård, avdelingsleiar avd. 3, 70030231, rose-mari.thunem.nygard@vanylven.kommune.no

Arbeidsstad

Rådhusvegen 20

6143 Fiskåbygd

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vanylven kommune



Referansenr.: 4815341641

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 31.08.2024


Antall stillinger
2
Sted
Rådhusvegen 20, 6143 Fiskå
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier
FINN-kode
354820180
Sist endret
30. juli 2024 02:21