Sjukepleiar

Arbeidsgiver
Avdeling for Nevrologi, Revmatologi og Rehabilitering, Helse Førde
Stillingstittel
Sjukepleiar
Frist
04.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Kom og bli med! Vi utvidar sengeposten og treng difor fleire positive og engasjerte tilsette med oss på laget.

ANRR – avdeling for Nevrologi, revmatologi og rehabilitering skal hausten 2024 flytte til flott nytt bygg med einerom til alle våre pasientar. Vi ser fram til nye moderne lokaliterar med stor entusiasme. Dette håper vi at du også vil bli med på.

I dag består sengeposten av 19 sengeplassar og skal frå hausten auke opp til 26 sengeplassar.

Den nye sengeposten vår skal bestå av 14 nevrologisenger, der to av desse vert overvakingssenger for slagpasientane i akuttfasen. Rehabilitering er eit satsingsområde og vi jobbar mot å tilby 8 senger for spesialisert rehabilitering. Eksempel på type rehabilitering kan vere etter gjennomgått hjerneslag, traumer, opptrening etter amputasjon.
Resterande senger i etasjen vil nyttast som utlokaliserte senger frå andre sengepostar. Det kan vere pasientar tilknytta kirurgi og kreft, men også andre fagfelt.

Den nye sengeposten vil bli ein svært spennande og lærerik arena, men gode moglegheiter for fagleg utvikling innanfor mange ulike fagfelt, men spesielt innanfor nevrologi og rehabilitering.

Vi ønsker deg velkomen som søkjar



Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for sjukepleiefaglege oppgåver som pasientoppfølging, forsvarleg medikamenthandtering, legevisitt, samtaler med pårørende med mer
  • Dokumentasjon (Dips, Meona, Imatis).
  • Undervisning og veiledning av andre yrkesgrupper, kollegaer, pasientar, pårørande og studentar
  • Delta i tverrfaglig team omkring pasientar med koplekse problemstillingar og med behov for koordinerte tenester
  • Bidra i relevant forbetringsarbeid

Kvalifikasjonar

  • For stillinga krevst det dokumentert autorisasjon som sjukepleiar
  • Praksis eller interesse for dei aktuelle fagområda

Personlege eigenskapar

  • Du må vere pasientorientert og ansvarsbevisst
  • Du må vere løysingsorientert med evne til å jobbe sjølvstendig og ha gode samarbeidsevner
  • Fleksibel og engasjert
  • Trivst med å jobbe i eit tverrfagleg team
  • Godt humør med ønskje om å bidra til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Høgt fagleg nivå
  • Utfordrande og variert arbeid
  • Aktivt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Sirianne Pidic, Seksjonsleiar, 924 99 376

Arbeidsstad

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde



Referansenr.: 4818696205

Stillingsprosent: 100%

Fast, Vikariat

Søknadsfrist: 04.08.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
5
Sted
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Stillingsfunksjon
Sykepleier
FINN-kode
354936653
Sist endret
24. juni 2024 01:21