55% stilling som sjukepleiar ved Omsorgstenesta vest Utneheimen

Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Utneheimen
Frist
19.08.2024

Beskrivelse

55% fast stilling som sjukepleiar, hovudsakleg på natt.

Pleie og omsorg vest er stasjonert på Utne og er ei samordna teneste. Det vil seie at me driftar både sjukeheim ,kjøkken og heimetenester. På kjøkkenet lager ein mat til pasientane på sjukeheimen og til pasientar som bur i heimen og ikkje klarer å lage mat sjølv.

Personalet kan få oppgåver både på institusjonen og i heimetenesta.

Sjukeheimen består av 24 plassar, der 6 av dei er tilrettelagt for personar med demenssjukdom. I heimetenesta yter ein tenester til om lag 70 pasienter.

I Omsorgstenesta vest har me eit godt arbeidsmiljø, med eit fleirkulturelt miljø .

Tenestene me utfører er mange og ulike, så me har ein innhaldsrik og spennande arbeidskvardag . Me er opptatt av at kvar enkelt pasient skal få gode tenester, tenester som er tilpassa kvar enkelt.

Dersom dette høyres interessant ut, håper me at du søkjer. Ta gjerne kontakt for ein uforpliktende prat.

God opplæring vert gitt .

Arbeids og ansvarsområde er blant anna :

  • Utføra helse- og omsorgsoppgåver etter fagleg standard, og rettleia anna personale i faglege og etiske spørsmål
  • Kjenne til og og bruka eininga sine prosedyrar og rutinar
  • Sørgje for presis, oppdatert og utfyllande dokumentasjon i journasystemet vårt - Profil
  • Legemiddelhåndtering og opplæring
  • Oppfølging etter legevisitt
  • Halde seg fagleg oppdatert
  • Følgje eininga og avdelinga sine målsetjingar og yte tenester av god kvalitet innafor tildelte ressursrammer i samsvar med tenestemottakar sine vedtak
  • Samarbeida og dela kompetanse på tvers av avdelingane

Ynskte kvalifikasjonar:

  • Autorisert sjukepleiar, vernepleiar kan søkje og verta vurdert
  • Positiv
  • Engasjert
  • Endringsdyktig
  • Gode samarbeidsevner
  • Fleksibel
  • Punktlig og strukturert
  • Førarkort klasse.B
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og muntlig
  • Interessert i å arbeide med eldre mennesker

Personlege eigenskapar:

  • Gode samarbeidsevner
  • Evner til nytenkning
  • Likar utfordringar
  • Tar initiativ og ansvar
  • Endringsdyktig
  • Positiv

Me tilbyr:

  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Lønn etter hovudtariffavtalen
  • Løn etter avtale ( avhengig av stilling)
  • Rekrutteringsavtaler
  • Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen
  • Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.
  • Godt fagmiljø
  • Godt arbeidsmiljø
  • Fleirkulturelt arbeidsmiljø
  • Gode arbeidstidsordninger , blant anna årsturnus og langvakter.

Krav:

  • Politiattest etter helse- og omsorgstenestelova § 5-4
  • førarkort klasse B

Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.

For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.

I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:

"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:

Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/


Link til søknadsskjema: Søk her
Sted
Opheimsgata 31, 5750 Odda
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
FINN-kode
354950407
Sist endret
05. aug. 2024 12:10