58% stilling som miljøarbeidar ved Omsorgstenesten aust

Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Bråvolltunet
Frist
19.08.2024

Beskrivelse

58 % fast stilling som miljøarbeider i Omsorgstenesta aust Bråvolltunet

Pleie og omsorg aust er ei samordna teneste, det vil seie at personalet kan få oppgåver både på institusjonen og i heimetenesta.

Sjukeheimen, Bråvolltunet, har 18 langtidsplasser.

Me har eige kjøkken. På kjøkkenet lagar kjøkkenpersonalet mat til alle som bur på sjukeheimen og til heimebuande som treng hjelp til matlaging.

Kvar tirsdag og torsdag er det dagtilbod. Der samlast heimebuande til felles måltid, ulike aktivitetar og sosialt samvær.

I heimetenesta yter ein tenester til om lag 60 pasientar.

Me er opptatt av at kvar pasient skal få gode tenester , og tenester som er tilpassa kvar enkelt.

Ynskjer du å arbeide i eit godt arbeids- og fagmiljø, med mange spanande arbeidsoppgåver,håpar me du søkjer jobb hjå oss.

Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål.

Arbeidsoppgåver:

  • MIljøarbeid , ha ansvar for ulike aktiviteter på sjukeheimen.Eks konsertar , høgtlesing, spel med meir
  • Vere synlig i miljøet på sjukeheimein
  • Delta i arbeidet som vert fordelt på kvar vakt
  • Delta i stell
  • Arbeide 3.kvar helg
  • Utføra helse - og omsorgsoppgåver etter fagleg standard og rettleia anna personale i faglege og etiske spørsmål .
  • Følgje opp eininga sine målsetjingar og yta tenester av god kvalitet innafor tildelte ressursrammer i samsvar med tenestemottakar sine vedtak
  • Samarbeide og dela kompetanse på tvers av avdelingane
  • Halde seg fagleg oppdatert
  • Gjere seg kjent med og nytta kommunen sitt journalsystem ( Profil)
  • Sørgje for presis og utfyllande dokumentasjon
  • Kjenne til og og bruka eininga sine prosedyrar og rutinar

Ynskte kvalifikasjonar:

  • God skriftleg og munnleg norskkunnskap
  • Ingen formell kompetanse er krevd , men det er ein fordel med erfaring frå eldreomsorgen

Personlege eigenskapar:

  • Positiv og godt humør
  • Engasjert
  • Gode samarbeidsevner
  • Fleksibel
  • Punktlig og strukturert

Me har :

  • Ulike arbeidstidsordningar - eksempelvis årsturnus og langvakter
  • Helgekompensasjon
  • Varierte arbeidsoppgåver

Krav:

  • Politiattest
  • Førerkort klasse B

Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.

For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.

I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:

"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:

Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/


Link til søknadsskjema: Søk her
Sted
Opheimsgata 31, 5750 Odda
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Annet
FINN-kode
355030171
Sist endret
05. aug. 2024 12:13