Inaktiv

Tilkallingsvikarar

Arbeidsgiver
Sektor for læring og kultur
Stillingstittel
Tilkallingsvikarar
Frist
31.07.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Er du interessert i å vere vikar for kortare eller lenger periode som barnehagelærar,fagarbeidar eller assistent?

Er du ferdig med studier for våren 2024 / ferdig med vidaregåande skule /folkehøgskule?
Lurer du på kva du skal gjere framover? Søk då vel!

Vi har behov for deg i våre kommunale barnehagar!



Arbeidsoppgåver

Det daglege arbeidet blir i samarbeid med pedagogisk personale og andre tilsette. Du vil få rettleiing frå kollegaer.

Vi har som mål å legge til rette for at barn skal oppleve den "gode
barndom". Du vil bli utfordra på dagleg å oppleve at både du og barna du er sett til å
leie, har lukkast med noko.

Kvalifikasjonar

  • fagarbeidar
  • anna utdanning / ufaglært assistent
  • personleg godt eigna

Det er krav om politiattest av ny dato.
Tuberkulinattest - eigenerklæring må leverast før du tar til i stillinga

Personlege eigenskapar

  • Du er der for barna, og er med oss å legge grunnlag for den gode barndom
  • Du kan arbeide i team og saman vere med å skape gode arbeidsmiljø for barn og kollegaer
  • Du reflekterer rundt eige og andre sitt arbeid

Vi tilbyr

Avtale som tilkallingsvikar

Dette inneber at Hareid kommune tek kontakt med deg ved behov for midlertidig tilsetjing, jamfør arbeidsmiljølova paragraf 14-9, og inngår ein rammeavtale. Tilkalling skjer etter behov når vi har fråvær på grunn av sjukdom, ferie eller andre mellombelse forhold.

Som tilkallingsvikar har du ikkje rett til å bli tilboden arbeid. Du har heller ikkje plikt til å ta på deg arbeid som vi har gitt tilbod om.

Dei enkelte vaktene vert avtalt mellom tilkallingsvikaren og einingsleiar. Hareid kommune har arbeidsgjevaransvar for deg frå du kjem på jobb og til arbeidsdagen er ferdig. I arbeidstida er du omfatta av pensjons- og forsikringsordningane til kommunen.

Attestar og vitnemål

Dokumentasjon på all kompetanse og arbeidserfaring som kan vere relevant for fastsetting av løn må leverast snarast råd. Om du på eit seinare tidspunkt søkjer om å få godkjend tidlegare teneste i lønsansienniteten, har du berre krav på å få dette godskrive frå det tidspunktet søknaden med dokumentasjon blir levert inn.

Alle må søkje digitalt gjennom rekrutteringsportalen Webcruiter. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjon som ligg føre ved utløp av søknadsfristen. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga.

Hareid kommune legg ut offentleg søkjarliste. Vi praktiserer meiroffentlegheit i tilsettingar og du må difor grunngi særskilt om du ønskjer å bli unnateke offentlegheit på denne lista. Vi vurderer ønsket ditt opp mot offentleglova. Dersom vi ikkje kan oppfylle dette, vil vi ta kontakt.

Kontaktinformasjon

Solveig Ertesvåg, Styrar, 91865268

Siw Olsen, Styrar, 97592484

Linn Kristine Hoddevik, 41693560

Berit Liaset, Styrar, 909 59 124

Mariann Båtnes, Rådgjevar, 90071242

Arbeidsstad

Rådhusplassen 5

6060 Hareid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sektor for læring og kultur



Referansenr.: 4820963944

Stillingsprosent: 50%

Vikar

Søknadsfrist: 31.07.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Rådhusplassen 5, 6060 Hareid
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Barnehage / Barnehageassistent
FINN-kode
355033705
Sist endret
30. mai 2024 06:46