Inaktiv

Ledig stilling

Arbeidsgiver
Lærdal kommune Sogn LMS og helse
Stillingstittel
100% fast stilling som fysioterapeut
Frist
23.06.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Lærdal er ein spennande kommune i Indre Sogn med trøkk, tru og fokus på vekst og utvikling.I Lærdal kan du leva det gode liv saman med 2 200 andre lærdøler. Vår vakre bygd inst i Sognefjorden ligg midt mellom Oslo og Bergen.
Store fjell- og utmarksområde byr på eit aktivt friluftsliv. Lærdal er ei kulturbygd med ein rik kulturarv.
Vi kan nemne Borgund stavkyrkje, dei historiske vegane og gamle Lærdalsøyri.

Me har ledig 100% fast stilling som fysioterapeut. Stillinga er organisert under fysio - og ergoterapiavdelinga.

I fysioterapi tenesta har me eit godt fagmiljø med 3 faste stillingar, ein turnusfysioterapeut samt avtale med privat fysioterapeut om 50% driftstilskot.

Lærdal kommune vil opprette eit tre-årig prosjekt som skal styrke arbeidet med å førebygge sjukefråver for våre tilsette i kommunen, med fokus på å utvikle helsefremjande arbeidsplassar og styrke nærveret på jobb.

Nytilsett fysioterapeut vil få ansvar for å følgje opp dette prosjektarbeidet.

I tillegg vil denne stillinga bli tillagt kurativt arbeid retta mot vaksne pasientar i arbeidsfør alder med blant anna muskel- og skjelettplager.

Kvalifikasjonar:

  • Offentleg godkjent fysioterapeut med norsk autorisasjon

Arbeidsoppgåver:

  • Jobbe tett ilag med einingsleiarane om førebygging av sjukefråver og styrking av positive nærversfaktorar
  • Frisklivstiltak for tilsette, rettleiing og rådgjeving
  • Tilretteleggingstiltak på arbeidsplassar
  • Systematisk kontakt med fastlegane, Arbeidslivstenesta/Nav, vernetenesta, frisklivssentralen med fleire
  • Gjennomføre konkrete nærversprosjekt på utvalde arbeidsplassar
  • Pasientbehandling/kurativt arbeid med pasientar, i hovudsak vaksne
  • Tverrfagleg samarbeid kring brukarar, også på systemnivå
  • Andre oppgåver etter nærare avtale kan bli lagt til stillinga

Personlege eigenskapar vert vektlagt:

  • Evne til å jobbe sjølvstendig og strukturert
  • God til å kommunisere og samarbeide,
  • Ha ei positiv innstilling
  • Vere lyttande og god til å motivere

Me tilbyr:

  • Lønn i samsvar med tariff og avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit godt arbeidsmiljø med kjekke kollega
  • Fleksibel arbeidstidsordning
  • Høve til kurs og etterutdanning

Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Øyraplassen 7, 6887 Lærdal
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Fysioterapeut, Sykepleier
FINN-kode
355074422
Sist endret
30. mai 2024 02:54