Inaktiv

Hornindal Omsorgssenter, 3 stk 100 % sjukepleiestillingar ledig frå 01.08.24 

Arbeidsgiver
Volda kommune, Institusjonsteneste
Stillingstittel
Hornindal Omsorgsenter, sjukepleiarar 3 x 100 % fast st
Frist
04.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi treng fleire sjukepleiarar med på laget vårt ! Autorisert vernepleiar kan og søkje. Vi har no ledig 3 X 100 % faste stillingar .

Arbeidsstaden er Hornindal Omsorgsenter, ein kjekk arbeidsplass, her får ein jobbe tverrfagleg og sjølvstendig med mange spanande utfordringar saman med engasjerte medarbeidarar. Arbeidsplassen tilbyr god støtte, opplæring og rettleiing, slik at medarbeidarane skal vere trygge og kompetente til å yte tenester av høg kvalitet. Arbeidsdagane er varierte, og vi har ein arbeidsplass med eit godt arbeidsmiljø.

Frå september er planen å gå over til turnus med langvakter på helg.

Hornindal omsorgssenter har 24 bebuerar fordelt på tre grupper. Det er eit tett og godt samarbeid mellom desse tre gruppene.



Arbeidsoppgåver

Faglig ansvarlig - Delta i heilhetlig pleie og oppfølging av bebuarane

Det inneber mellom anna kompleks palliativ pleie, oppfølging av bebuerar i alle aldersgrupper, oppfølging av multisjuke bebuarar. Gjere grundige observasjonar og god dokumentasjon. Vere med å kartlegge, utarbeide og evaluere tiltaksplanar i tett samarbeid med tilsynslege, palliativt team og andre aktuelle faggrupper. Ansvar for å rettleie og undervise anna personell og praksiskandidatar. Bidra aktivt til eit helsefremjande arbeidsmiljø. Bidra til å kvalitetssikre tenestene.

Omsorgsenteret samarbeider tett med heimebaserte tenester gruppe 3 .

Sjukepleiar med ansvarsvakt i kan måtte bidra med sjukepleiaroppgåver ute i heimebaserte tenester ved behov.

Kvalifikasjonar

Autorisasjon som sjukepleiar/ vernepleiar .
Oppgi HPR -nr i søknaden
Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg( Norsktest nivå B2)
Det skal fremeggjast politiattest før oppstart i stillinga
Levere eigenerklæringsskjema i høve tuberkulose og MRSA.
Ønskeleg med kjennskap til journalsystemet Gerica

Søkjar må ha førerkort kl B

Personlege eigenskapar

Vi søkjer etter ein sjukepleiar/vernepleiar som er effektive og løysingsorienterte har godt humør og gode kommunikasjonsevner.

Den rette kandidaten må vere engasjert, trivst med å jobbe sjølvstendig og er trygg på eigne avgjerder.

Andre kriterier:
* Fungerer godt i teamarbeid og har evne til å delegere arbeidsoppgåver
* Må like å jobbe i relasjon med menneske og er opptatt av aktiv omsorg og kvardagsmeistring
* Er ansvarsbevisst og løysingsfokusert, fleksibel og liker utfordringar.

Vi tilbyr

Fagleg utfordrande og spanande arbeidskvardag!
Tverrfagleg lagarbeid: vi har hukommelsesteam, kvardagsrehabiliteringsteam, frivilligkoordinatorar, kreftkoordinator og spesialisert korttidsavdeling.
Engasjerte medarbeidarar og godt arbeidsmiljø
Tilgang til e-læringkurs frå NHI
Velferdsteknologi vil vere eit stort fokusområde framover
Gode forsikrings- og pensjonsordningar (KLP)
Rekrutteringstillegg for tilsette med lengre reiseveg enn 2 mil: kr. 40.000 pr år.

Kontaktinformasjon

Ann-Sølvi Heltne, avdelingsleiar, 91144863, ann-solvi.heltne@volda.kommune.no

Liv Langeland Muldsvor, Seksjonsleiar Hornindal Omsorgssenter, 90768467, liv.langeland.muldsvor@volda.kommune.no

Arbeidsstad

Urdene 9

6763 Hornindal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Volda kommune



Referansenr.: 4823466750

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 04.08.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Urdene 9, 6763 Hornindal
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
FINN-kode
355560669
Sist endret
26. juni 2024 09:29