Inaktiv

Skrive master i jus? Vi tilbyr deltidsjobb og skriveplass

Arbeidsgiver
Lotteri- og stiftelsestilsynet
Stillingstittel
Konsulent - masterstudent
Frist
15.08.2024
Ansettelsesform
Engasjement

Beskrivelse

Her får du bruke jussen i praksis, i lag med nasjonale ekspertar – samtidig som du skriv masteroppgåva di.

Det er 6200 stiftelsar i Noreg. I arbeidet vårt med å ha tilsyn med og rettleie
dei dukkar det opp mange spennande juridiske problemstillingar knytt til styrearbeid og drift av stiftelsar. Dette kan for eksempel vere endring av vedtekter, habilitet eller om pengane går til formålet.

Fristar det å skrive masteroppgåve om noko innanfor stiftelsesretten eller om
stiftelsar? Hos oss kan du få både skriveplass og deltidsjobb.

Du får eigen kontorplass hos Stiftelsestilsynet, og blir ein del av arbeidsmiljøet hos oss. Vi har både nyutdanna og erfarne juristar, men også samfunnsvitarar og økonomar. I lag med
eit breitt fagmiljø får du bruke jussen i praksis, både i saksbehandling og
rettleiing. Vi ser for oss at du jobbar to dagar i veka hos oss.

Om du vil kan vi gjerne lese gjennom deler av oppgåva di, og komme med
tilbakemeldingar. Sidan vi er interesserte i det du skriv om, er det veldig kjekt om
du presenterer masteroppgåva for oss når du er ferdig.

Vi ønsker å knyte til oss studentar med særleg interesse for stiftelsar og/eller styrearbeid. Dersom du synest desse temaa er interessante, tar vi gjerne ein prat. Vi har
også skissert nokre problemstillingar som kan vere aktuelle eller hjelpe deg på veg.

Når vi skal velje mellom søknadar legg vi vekt på val av problemstilling, motivasjon for valet og karakterar hittil i
studiet. Du må kunne formulere deg godt skriftleg og munnleg.

Vi er i utgangspunktet på leit etter deg som skal skrive oppgåve til hausten, men du kan også ta kontakt
dersom du skal skrive oppgåve våren 2025.

Vilde Grimseth Halbrend jobba hos oss medan ho skreiv masteroppgåve i fjor. Her kan du lese om hennar oppleving.

Frist for å søke om skriveplass for hausten 2024 er 15. august, men vi kjem til å vurdere søknadar fortløpande. Send inn presentasjon av problemstillinga for oppgåva, CV og karakterutskrift.

PS. I tillegg til at du får verdfull arbeidserfaring og kjekke kollegaer, kan vi freiste med at vi har lokale midt i Førde sentrum og at vi har både kantine og treningsrom på huset.

Vi håpar å høyre frå deg!



Vite meir om stiftelsar?

Lyst å lese meir om kva stiftelsar er og gjer i det norske samfunnet? Les deg opp på våre rapportar om norske stiftelsar.

Kontaktinformasjon

Siw Heggedal Longvastøl, avdelingsdirektør Stiftelsestilsynet, 900 74 974

Arbeidsstad

Storehagen 1B

6800 FØRDE

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Lotteri- og stiftelsestilsynet



Referansenr.: 4822585769

Stillingsprosent: 40%

Engasjement

Søknadsfrist: 15.08.2024


Sted
Storehagen 1B, 6800 Førde
Stillingsfunksjon
Jurist, Saksbehandler, Rådgivning
FINN-kode
355561797
Sist endret
03. juni 2024 12:22