Tilkallingvikar skule

Arbeidsgiver
Luster kommune Oppvekst
Frist
01.09.2024

Beskrivelse

Ved fleire av skulane våre og på SFO er det jamleg behov for vikarar, både enkeltdagar og over tid.

Dette gjeld både lærarar, fagarbeidarar og assistentar.

Me oppmodar studentar og andre som har lyst og moglegheit til å søkja her på denne opne søknaden eller kontakta eininga direkte.

Skriv gjerne i søknadsteksten kor mykje/kor ofte du ser føre deg å arbeide, og kva aldersgruppe du ynskjer å arbeide med.

Me kan tilby:

  • Utfordrande og interessante arbeidsoppgåver
  • Godt arbeidsmiljø
  • Erfarne og dyktige kollegaer som vil gje deg god opplæring
  • Løns- og arbeidsvilkår iflg. gjeldande lov, forskrift og tariffavtalar
  • Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar

Andre opplysningar:

  • Tilsette må levere politiattest
  • Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
  • Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
  • Søknadar må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit

Kontaktinformasjon:

  • Hafslo barne- og ungdomsskule: Hilde Holte Selland: hilde.holte.selland@luster.kommune.no, 57 68 58 22 / 911 78 041
  • Gaupne skule: Linda Øvregard Røhme: linda.ovregard.rohme@luster.kommune.no, 57 68 57 42 / 402 28 586
  • Luster ungdomsskule: Knut Hauge: knut.hauge@luster.kommune.no, 57 68 57 60 / 906 97 026
  • Luster oppvekstsenter: Eli Merete Hansen Moen: eli.merete.hansen.moen@luster.kommune.no, 57 68 59 20 / 959 93 505
  • Solvorn oppvekstsenter: Grete Marie Skårhaug Solvi: grete.marie.skarhaug.solvi@luster.kommune.no, 57 68 58 40 / 900 37 684
  • Indre Hafslo oppvekstsenter: Elling Bjarneson Venjum: elling.bjarneson.venjum@luster.kommune.no, 57 68 59 70 / 452 73 972
  • Jostedal oppvekstsenter: Mette F. Reinertsen: mette.frydenberg.reinertsen@luster.kommune.no, 57 68 59 90 / 917 15 162
  • Skjolden oppvekstsenter: Knut Åge Teigen: knut.age.teigen@luster.kommune.no, 951 47 914
  • Veitastrond oppvekstsenter: Elisabeth Alme: elisabeth.alme@luster.kommune.no, 993 60 226
  • Luster vaksenopplæring: Linda Brunborg: linda.kristin.brunborg@luster.kommune.no, 474 47 113


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Antall stillinger
10
Sted
Rådhusvegen 1, 6868 Gaupne
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
355761481
Sist endret
04. juni 2024 04:59