Inaktiv

Radiograf i turnus

Arbeidsgiver
Radiologisk seksjon LSH, Helse Førde
Stillingstittel
Radiograf i turnus
Frist
01.09.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Radiologisk seksjon, Lærdal sjukehus har ledig 2 x 100% årsvikariat som radiograf i turnus (37.5 t/veke), med heimevakt og arbeid kvar 5-6 helg.
Oppstart: snarast/etter avtale

Er du glad i fjord, fjell og fantastiske naturopplevingar, og ønskjer å arbeide saman med ein triveleg og sosial gjeng ved Radiologisk seksjon i Lærdal?
Då kan dette vere jobben for deg!

Vi kan tilby ein arbeidsplass som har stort fokus på godt arbeidsmiljø, god pasienthandsaming og høg kvalitet på tenestene våre. Her er det høgt under taket, med mykje latter og humor. Seksjon Lærdal har ein CT, ein MR, to konvensjonelle røntgenlabbar, ein UL, og eit transportabelt røntgenapparat. Eininga består av sju radiografar, ein radiolog i stafett og to sekretærar. Radiologisk seksjon Lærdal er ein av tre seksjonar i Radiologisk avdeling Helse Førde. Dei andre seksjonane er lokalisert ved Førde sentralsjukehus og Nordfjord sjukehus

Lærdal kommune er ein liten kommune innerst i Sognefjorden, der tettstaden er Lærdalsøyri. Sjølve Lærdalsøyri er ein gammal handelsplass, med ei historie tilbake til middelalderen. Her finn du ein verna trehusbebyggelse, som er eit av dei mest verdifulle bygningsmiljøa vi har i Noreg. Lærdalsøyri er ein ynda marknadsplass, og fleire festivalar som "Jordeplerokk" og "Komheimat" vert arrangert årleg. I tillegg er Lærdal kjent for å ha Noregs tørraste klima, med milde vintrar og fine varme sommardagar.

Lærdal ligg omkransa av eit eldorado av moglegheiter om du er interessert i å vere ute i naturen.Her finn ein noko for ei kvar interesse når det gjeld natur, sport, jakt og fiske. Er du glad i å gå på fjellet, såvel sommar som vinter har du turmoglegheiter rett utanfor døra. Vi har ei rekke skianlegg i nærleiken som Hemsedal, Filefjell, Hodlekve og Hafslo, kor det er rom for både løype og frikjøyring. Har ein bil er det kort veg til Jotunheimen som kan by på alt i frå toppturar, brevandring, fjellklatring, sykkelturar, skiturar, eller eit yrande dyreliv. Er du ein ivrig fiskar har ein Sognefjorden, Lærdalselva, og fleire gode fjellvatn som kan nyttast. Så frå naturens side er det berre fantasien som set grenser for kva ein kan foreta seg på fritida. Lærdal og omegn har også eit aktivt miljø innan ekstremsport, hundesport og skyttarlag. Ekstremsportveka på Voss eller High Camp på Turtagrø er nokon av dei arrangementa som finst i nærleiken.

For den meir urbane, er det kort veg til saft- og fotballbygda Sogndal. Elles ligg Lærdal kun 3 timar unna Bergen og 4,5 timar unna Oslo.



Arbeidsoppgåver

  • Førebuing og gjennomføring av undersøkingar ved konvensjonell røntgen, CT og MR.
  • Tilrettelegge og assistere radiolog på ultralyd
  • Samarbeide med andre profesjonar og einingar
  • Ta del i oppgåver som til ei kvar tid ligg til avdelinga
  • God pasienthandsaming.
  • Turnus med heimevaktsordning, og arbeid kvar 5-6 helg.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som radiograf.
  • Meistre godt norsk, både skrifteleg og munnleg.
  • Gode IKT-kunnskapar
  • Det er ønskjeleg med kompetanse og erfaring innan CT og MR

Personlege eigenskapar

  • Godt humør og positiv innstilling
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Sjølvstendig, fokusert og ansvarsbevisst
  • Fagleg engasjert og interessert
  • Initiativrik og handlekraftig
  • Bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • Arbeider godt i team

Personleg eignaheit vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Ein spennande og utfordrande jobb, med moglegheit for utvikling
  • Gode kollegaer, med mykje latter og humor
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Tilpassa opplæring
  • Vi har eigen vaktbustad som kan nyttast når ein har heimevakt
  • Sjukehuset har eigne bustader for utleige

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Kathrine Søraa Kilen, Seksjonsleiar, +47 934 45 067

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 9

6887 Lærdal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde



Referansenr.: 4824157858

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Startdato: 08.07.2024

Sluttdato: 07.07.2025

Søknadsfrist: 01.09.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Sjukehusvegen 9, 6887 Lærdal
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Radiograf
FINN-kode
355883674
Sist endret
19. aug. 2024 06:06