Inaktiv

Sjukepleiar i Heimetenesta

Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Fusa bu-og behandlingssenter og heimetenester
Frist
10.10.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Er du sjukepleiar og ønskjer nye spennande utfordringar i eit godt arbeidsmiljø? Då er kanskje dette jobben for deg!
Fusa bu og behandlingssenter og heimetenester har ledig stilling som sjukepleier i heimetenesta. Heimestenestene er delt i avdelingane gruppe 1 Baldersheim, gruppe 2 Eikelandsosen og nattevakts-team. Gruppe 2 Eikelandsosen er med i eit innovasjonsprosjekt - "Heima Best" der eit av måla er å utvikle smarte og bærekraftige helse- og omsorgstenester for å imøtekome framtida sine utfordringar. Vi har ledig om lag 100% fast stilling som sjukepleiar i heimetenesta Stillinga er i turnus med arbeid på helg kvar 3. helg. Oppstart frå 01.09.2024 eller etter nærare avtale.

Arbeidsstad
Heimetenester gruppe 2 og 1 (Eikelandsosen og Baldersheim).

Arbeidsoppgåver

  • Utøve klinisk sjukepleie som sikrar kvalitet og at brukarane sine rettar vert teken i vare
  • Dokumentera helsehjelp i Profil
  • Bidra til god ressursutnytting og tverrfagleg samarbeid
  • Bidra til at interne og eksterne lover, relgar og prosedyrar vert følgt
  • Vera pådrivar for planlegging, iverksetting og evaluere tiltak
  • Bidra til godt samarbeid med brukar og pårørande
  • Ansvaleg for å halda seg fagleg oppdatert

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar. Anna helsefagleg utdanning og lang erfaring kan bli vurdert
  • Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir) https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
  • Søkjarar utanfor Norden må dokumentera bestått "Bergenstest" (test i norsk - høgare nivå)
  • Ønskeleg med erfaring og kompetanse innan heimesjukepleie
  • Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar
  • Vi gjer merksam på at du må legga fram politiattest

Personlege eigenskapar

  • Løysningsorientert med gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Gode evner til observasjon og dokumentasjon
  • God evne til etisk refleksjon over eigen praksis
  • Bidra til godt arbeidsmiljø

Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar

Vi tilbyr

  • Fokus på sjukepleiefaglege oppgåver på tvers mellom gruppene
  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Leitet 28, 5640 Eikelandsosen
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
355899262
Sist endret
19. sep. 2024 11:33