Førsteamanuensis i nordisk språkvitskap

Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
Førsteamanuensis i nordisk språkvitskap
Frist
15.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?


Førsteamanuensis i nordisk språkvitskap

Velkomen som søkjar til ei fast stilling som førsteamanuensis i nordisk språkvitskap ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) med oppstartsdato frå 1. januar 2025. Vi søkjer ein språkvitar med ein sterk sosiolingvistisk profil.


Om institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

LLE har kring 80 vitskapleg tilsette, 17 administrativt tilsette, kring 40 ph.d.-kandidatar og 7 postdoktorar. Instituttet femner om faga allmenn litteraturvitskap, digital kultur, klassiske fag, kunsthistorie, nordisk litteratur, språk og nordisk fagdidaktikk, norrøn filologi, norsk som andrespråk, språkvitskap og teatervitskap og norskkurs for utanlandske studentar og tilsette ved Universitetet i Bergen.

Av dei fast tilsette ved LLE arbeider for tida seks innanfor nordisk språkvitskap. I tillegg er det for tida tre ph.d.-stipendiatar i disiplinen. Forskinga i nordisk språkvitskap ved LLE har tyngdepunkt i grammatikk, semantikk, sosiolingvistikk, språkhistorie, tekstlingvistikk og pragmatikk. Instituttet huser òg redaksjonane for Norsk Ordbok, Bokmålsordboka og Nynorskordboka, og leier arbeidet med Termportalen og Clarino Bergen Centre.


Arbeidsoppgåver:

Stillinga omfattar undervisning, forsking, formidling og administrasjon. Det blir kravd at den som vert tilsett kan undervise og rettleie innanfor fagets emneportefølje og utvikle undervisningsopplegg i nordisk språkvitskapet. På lågare grad må den som vert tilsett vere budd på å undervise i heile den nordisk språkvitskaplege breidda som nordisk språkvitskap ved UiB femner om. På høgre nivå vil det i større utstrekning vere rom for at den tilsette underviser mest på felt der vedkommande har særleg kompetanse.

Den som vert tilsett, skal ta del i undervisninga i samsvar med dei studieordningane som gjeld. Arbeidsoppgåvene omfattar undervisning, rettleiing og eksamensarbeid for studentar på alle nivå og innanfor alle program der nordisk språkvitskap inngår.

Som ein del av arbeidet, kan tilsette bli tildelt undervisings-, rettleiings- og sensoroppgåver innan kompetanseområdet sitt ved andre institutt.

Den som tek til i stillinga, har rett og plikt til å drive forsking innanfor sitt nordisk språkvitskapområde, og vil også ha ulike nordisk språkvitskapleg-administrative oppgåver. Instituttet legg til grunn at den som vert tilsett, tek del i den kontinuerlege utviklinga av forskingsmiljøet. Det er forventa at den som vert tilsett tar ei aktiv rolle innan prosjektutvikling, søking av eksterne midlar og formidling.

Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen, deltek i instituttet si drift og rettar seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.


Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:
  • Søkjaren må ha forskingskompetanse i nordisk språkvitskap eller anna relevant fag, tilsvarande norsk doktorgrad. For denne stillinga er det eit krav å ha spisskompetanse i sosiolingvistikk, med klart fokus på norsk, dansk eller svensk.
  • Det er ønskjeleg med god fagleg breidde innanfor nordisk språkvitskap. Det vil særleg bli positivt vektlagt om søkjaren òg har forska, undervist eller har utdanning i tekstlingvistikk, pragmatikk, fonologi, dialektologi, yngre språkhistorie, onomastikk og kvantitative metodar i språkvitskapen.
  • Instituttet arbeider med ein søknad om eit senter for norsk som fagspråk. Senteret vil famne om ei rekke fagfelt, inkludert leksikografi, terminologi og språkteknologi. Det vil vere eit fortrinn for kandidatar som òg har kompetanse som kan inngå i arbeidet med dette senteret.
  • I vurderinga av det vitskaplege arbeidet vil forsking frå dei siste fem åra bli tillagt særleg vekt.
  • Det er ein føremon med røynsle frå forskingssamarbeid og internasjonalt samarbeid. Erfaring frå forskingsleiing og -formidling vert òg positivt vektlagt.
  • Dokumentert evne til å initiere forskingsprosjekt og til å skaffe eksterne midlar vert sett på som positivt. Dokumentert kompetanse innan prosjektleiing, koordinering av forskingsaktivitet og strategisk forskingsplanlegging og undervising vil og vektleggast.
  • Til stillinga som førsteamanuensis vert det kravd grunnleggjande kompetanse i undervising og rettleiing på universitets- og høgskulenivå. Dette inneber fullført universitetspedagogisk utdanning, samt grunnleggjande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervising og rettleiing. Relevante kurs i kombinasjon med eiga praktisk undervising vil kunne erstatte universitetspedagogisk program. Dersom den som blir tilsett ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetjing, må krava vere oppfylte innan to år.
  • Utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe. Denne skal innehalde oversikt over praktisk erfaring og kompetanse, dokumentasjon av dette og eit kortfatta refleksjonsnotat. Notatet skal primært vere knytt til eigen undervisingsfilosofi og vurdering av eiga undervising i høve til kunnskap om studentar si læring i høgare utdanning. Nærare informasjon om dokumentasjon av utdanningsfagleg kompetanse finn du her.
  • Den som blir tilsett, må vere godt personleg eigna for stillinga. Samarbeidsevner, pågåande forsking og potensial til å styrke instituttet si nordisk språkvitskaplege tyngde i åra framover blir difor tillagt vekt.
  • Den som vert tilsett, må kunne undervise på tilnærma morsmålskompetanse i norsk, dansk eller svensk frå tilsetting. Den tilsette skal gi studentane rettleiing i bruk av skriftleg bokmål og nynorsk. Det er ein føremon med gode engelskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.

Vi tilbyr:
  • Eit aktivt, dynamisk og støttande forskingsmiljø.
  • Løn tilsvarande lønssteg 72-75 (kode 1011) i Statens lønsregulativ. Dette utgjer ei årsløn på 720.100-759.100,- før skatt. Vidare lønsopprykk skjer etter stillingsansiennitet. Frå løna vert det trekt to prosent som obligatorisk innbetaling for medlemskap i Statens pensjonskasse. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Attraktive forskingsmoglegheiter, inkludert om lag 46 prosent forskingstid.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • Svært gode karrieremoglegheiter, inkludert høve til å søkje om opprykk til professor.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Gode velferdsordningar.

Slik søkjer du på stillinga:

Søknaden skal sendast elektronisk innan oppgitt frist via lenka på denne sida «SØK STILLINGA». Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet og søknaden skal innehalde:

  • Søknadsbrev.
  • CV.
  • Skanna versjon av originale eller attesterte kopiar av alle vitnemål frå universitet/høgskular.
  • Utdanningsfagleg mappe og refleksjonsnotat (meir informasjon her).
  • Informasjon om og dokumentasjon av administrativ røynsle og anna tidlegare verksemd.
  • Fullstendig liste over akademiske publikasjonar (som vedlegg).
  • Inntil 5 vitskaplege arbeid (kan inkludere avhandlingar, monografiar eller artiklar) som det skal takast omsyn til i vurderinga. I tillegg kan det sendast inntil 5 populærnordisk språkvitskaplege og praksisretta arbeid, t.d. læremiddel.
  • Namn og kontaktinformasjon for tre referansepersonar. Ein av desse bør vera noverande eller tidlegare overordna.

Søknad og vedlegg må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen. Vedlegga kan vere i Word- eller pdf-format. Der originalen ikkje er på engelsk eller eit skandinavisk språk, må det leggjast ved attesterte omsetjingar til eit av desse språka

Søkjarar kan finne ei rettleiing for utforming av søknad her.

Den sakkunnige komiteen kan i særskilde tilfelle be om ettersending av dokumentasjon.

Aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju og prøveforelesing.

NB: Søknadene blir vurderte ut frå den informasjonen som er tilgjengeleg i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Søkjaren har sjølv ansvaret for å sjå til at all informasjon er lasta opp før fristen.


Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte førsteamanuensis Helga Mannsåker, per e-post (helga.mannsaker@uib.no eller tlf. +47 55 58 24 29) eller instituttleiar Anders Fagerjord, per e-post (anders.fagerjord@uib.no eller tlf. +47 55 58 36 53).

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Spørsmål til den elektroniske søkeprosessen kan ein rette til fakadm@hf.uib.no.

For meir informasjon om tilsettingsprosessen, klikk her.


Sektor
Offentlig
Sted
Sydnesplassen 7, 5007 Bergen
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Forskning/Stipendiat/Postdoktor, Annet
FINN-kode
355941448
Sist endret
05. juni 2024 05:01