Helsesekretær

Arbeidsgiver
Laboratorieklinikken/ Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF), Hels
Stillingstittel
Helsesekretær - fast stilling
Frist
01.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Har du lyst til å jobbe i eit sjukehuslaboratorium med spennande og varierte arbeidsoppgåver samtidig som du har gode kollegaer rundt deg?

Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) er ei av i alt åtte einingar som er organisert under Laboratorieklinikken i Helse Bergen, og har om lag 350 tilsette. Avdelinga har 12 analytiske og 4 ikkje-analytiske seksjonar, tre legegrupper (seksjon for medisinsk biokjemi, Hormonlaboratoriet og seksjon for klinisk farmakologi), i tillegg til NAPOS, NOKLUS Vest og RELIS. Vi utfører årleg om lag 8,5 millionar analysar innan fagområda medisinsk biokjemi og klinisk farmakologi. Arbeidet varierer frå store automatiserte instrument med store prøvemengder til manuelle metodar med få og tidkrevande analysar. I tillegg til ei omfattande rutinedrift som inneber døgnkontinuerleg vaktordning blir det drive forsking og utviklingsarbeid. Laboratoriet er akkreditert etter ISO standard 15189.

Avdelinga har no ledig stilling som helsesekretær med variert innhald innan helsesekretærfunksjonar. Stillinga passar for deg som er dyktig i blodprøvetaking og som trivst med pasientkontakt. Det vil kunne vere aktuelt med prøvetaking av både barn og vaksne. Stillingane er knytta til avdelinga og ikkje spesifikt til ein fast seksjon. Rullering mellom seksjonar etter behov.

Preanalytisk seksjon er den største seksjonen ved avdelinga og har mellom 30 og 40 bioingeniørar og helsesekretærar knytta til seksjonen til ei kvar tid. Prøvetakinga blir utført ved vår poliklinikk på sjukehuset samt i vår prøvetakingsstasjon i Bergen sentrum og Region Nordhordland helsehus. Seksjonen har også ansvar for mottak, registrering og fordeling av prøvar til MBF og andre laboratorium ved sjukehuset. Store delar av prøvefordelinga er automatisert. I tillegg har seksjonen ansvar for alle kontorfaglege oppgåver som blir utført ved laboratoriet, samt oppgåver knytta til prosjekt.

Helsesekretærane kan delta i blodprøvetaking ved:

  • Poliklinikkar på HUS (Sentralblokken, Parkbygget, Gamle Hovudbygg, Glasblokkene)
  • MBF sin prøvetakingsstasjon i Bergen sentrum, Zander Kaaes gate 7
  • Pasientar ved Psykiatrisk klinikk, Sandviken sjukehus, Divisjon psykisk helsevern
  • Faste prøvetakingsrunder ved sengeavdelingar på HUS
  • ØH-prøvetaking (øyeblikkelig hjelp) på HUS

Vi søker deg som er ein lagspelar, som likar deg i eit aktivt og travelt miljø og som ønsker å bidra til eit godt arbeidsmiljø. Tillit, ansvar og sjølvstende er viktig for oss.

Aktuelle kandidatar blir kontakta fortløpande. Oppstartsdato etter avtale.



Arbeidsoppgåver

  • Blodprøvetaking
  • Mottak, registrering og prøvefordeling av innkomne prøvar
  • Sending av prøvar til andre laboratorium
  • Arkivering og postfordeling
  • Svare på telefonhenvendingar
  • Noko enkelt analytisk arbeid kan vere aktuelt

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som helsesekretær
  • Gode norskkunnskapar både skriftlig og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Ansvarsbevisst, sjølvstendig og fleksibel
  • Samarbeidsvillig og ha evne til å arbeide i team
  • Like varierte utfordringar
  • Kommunisere godt på norsk både munnleg og skriftleg
  • Vere effektiv og trivast i eit travelt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Delta i avdelinga si vaktordning for helsesekretærar (f.t. kveldsvakter og dagvakt på helg)


Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Mia Hjelle, Assisterande seksjonsleiar, 55973239, mia.helen.hansen.hjelle@helse-bergen.no

Nina M Namtvedt, Seksjonsleiar, 55977829, nina.marie.namtvedt@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Haukelandsbakken 49

5009 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen



Referansenr.: 4821717246

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 01.08.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Haukelandsbakken 49, 5009 Bergen
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsesekretær, Annet
FINN-kode
356022290
Sist endret
17. juni 2024 06:56