Inaktiv

Overleger og leger i spesialisering - Onkologi

Arbeidsgiver
Legar kreftavdelinga, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Overleger og leger i spesialisering - Onkologi
Frist
22.07.2024

Beskrivelse

Onkologi - eit spennande fagfelt i rivande utvikling!
Vil du vere med å bygge vidare på det beste laget?

Vi søker både overlegar og LIS innen onkologi i Ålesund. Ledig frå omgåande, men startdato kan avtalast.

Det onkologiske tilbodet i Klinikk for kreftbehandling og rehabilitering i Helse Møre og Romsdal inneheld bl.a:

  • Sengepost, stråleterapieining, lindrande team og poliklinikk i Ålesund. Sengeposten har fylkesfunksjon og har nyleg opna eigen dagpost
  • Kreftpoliklinikk og lindrande team ved Volda, Molde og Kristiansund sjukehus
  • I tillegg har vi spesialisert rehabilitering, hud og revmatologi som ein del av vår klinikk

Onkologi er eit svært spennande og variert fag som utviklar seg raskt. Nye behandlingsmetodar og teknikkar er i stadig utvikling. Onkologiske legar i vår seksjon er i dag delt inn etter faggruppene uro/sarkom/CNS; GI/malignt melanom; brystkreft/thyroidea og stråleterapi.

Onkologi gjer rike moglegheiter for forsking og det er etablert eige forskingsutval i klinikken.
Seksjonane gir eit breitt onkologisk tilbod til pasientane. Dette gjeld også pasientar utanfor Helse Møre og Romsdal sitt primærområde, om faglege og geografiske omsyn gjer dette naturleg.

Klinikken ønsker å vere både fleksibel og framtidsretta. Vi arbeider mykje med dette for å best mogeleg kunne møte utfordringane vi veit kjem i nær framtid.

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.



Arbeidsoppgåver

  • Kliniske arbeidsoppgåver knytta til sengepostdrift, polikliniske konsultasjonar, vurdering av henvisningar, deltaking på MDT-møter, tilsyn og vurdering av stråleterapi
  • Delta i videreutvikling, samt nyskaping av tilbodet i seksjonen vår
  • Deltaking i kliniske studier
  • Deltaking i vaktordning ved sengeposten i Ålesund

Kvalifikasjonar

  • Medisinsk embetseksamen med autorisasjon som lege i Norge
  • Godkjent spesialitet innan onkologi er ein fordel
  • Du har gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
  • Vi legg vekt på at du er god i det kliniske arbeidet med kreftpasientar
  • Du er innovativ og nyskapande
  • Du deler din kunnskap med andre

Personlege eigenskapar

  • Du har gode samarbeidsevner og har evne til å leie team
  • Du trivst i eit aktivt, framoverlent og hektisk miljø
  • Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • Du arbeider godt både sjølvstendig og i team
  • Du er ansvarsbevisst
  • Du har gode kommunikasjonsevner

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre
utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt
kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og
oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre
deg. Les meir om Ålesund og omland her.

Kontaktinformasjon

Nils Eivind Skottner, Seksjonsleiar, +47 70106939, Nils.Eivind.Skottner@helse-mr.no

Arbeidsstad

Åsehaugen 5

6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF



Referansenr.: 4824450366

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 22.07.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Lege, Lege / Overlege
FINN-kode
356034545
Sist endret
18. juli 2024 05:36