Lege i spesialisering - radiologi

Arbeidsgiver
Radiologi Haugesund, Helse Fonna HF
Stillingstittel
Lege i spesialisering radiologi
Frist
04.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Visuell og faglig spennande jobb?

Vi har behov for fleire LIS:

Avdeling for radiologi og nukleærmedisin ved Haugesund sjukehus søker etter lege i spesialisering.

Om jobb & fag:
Dei fleste syns diagnostikk er spennande. Her er ein jobb der du kan findyrke dette, i møtet mellom høgteknologi og klassisk klinikk.
Haugesund sjukehus er perfekt for oppstart spesialisering: Stort nok til å gi full faglig breddekompetanse, og lite nok til tett kollegakontakt med fortløpande supervisjon.

Om by & land:
Haugesund er ikkje ein stor by, men senter i eit stort oppland (110.000 lokalt, 180.000 i Fonna-regionen). Vi har eit breitt tilbud innan kultur, idrett og friluftsliv!
God kommunikasjon til Stavanger, Bergen og Oslo.

Om avdelinga:
I Haugesund har vi 13 laboratorier fordelt på ultralyd, CT, MR, mammografi, nukleærmedisin, intervensjon og generell røntgen.
System for RIS/PACS er SECTRA. Radiologar med godt faglig renomé, og entusiastisk fellesskap med godt samhold både på og etter jobb.

Seksjonen har 16 overlegestillingar og 7 heimlar for lege i spesialisering i radiologi

Gode lønnsvilkår.

Video som LIS for radiologi og nukleærmedisin ved Haugesund sjukehus



Arbeidsoppgåver

  • Arbeidsoppgåver ihht. radiologi
  • Legar utan erfaring gjennomgår ein introduksjonsperiode på ca 9 veker
  • Lege inngår i vaktordning etter endt innføringsperiode

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege med full rekvisisjonsrett
  • Må kunne norsk skriftleg og munnleg
  • Godkjent LIS-1-tjeneste
  • Erfaring frå radiologisk arbeid vil bli lagt vekt på, men ikke nødvendighet

Personlege eigenskapar

  • Strukturert
  • Sjølvstendig
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Initiativrik
  • Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
  • Interesse for radiologifaget
  • Personlege eigenskapar og gode samarbeidsevne vil bli vektlagd

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskade forsikring, gruppelivsforsikring og tjenestereiseforsikring
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Obligatoriske kurs i samsvar med utdanningsplan

Mangfaldserklæring

Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Elin Hetland, Funksjonsleiar, +47 52732273

Arbeidsstad

Karmsundgata 120

5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF



Referansenr.: 4822532586

Stillingsprosent: 100%

Fast

Startdato: 01.08.2024

Søknadsfrist: 04.08.2024


Sted
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Lege, Lege / Overlege
FINN-kode
356052706
Sist endret
07. juni 2024 05:32