Sjukepleiarstudent som ønskjer nye muligheiter?

Arbeidsgiver
Vindafjord kommune Omsorgssenter
Stillingstittel
Sjukepleiarstudent - stipendstilling
Frist
31.08.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Me søker:

Sjukepleiar og vernepleiar studentar til helgestillingar med stipend ca. 15 - 20%. Stillinga er ledig frå medio august 2024 til medio august 2025.

Skriv om du vil vera på Vindafjordtunet eller Ølen omsorgssenter og kva avdeling.

Fortløpande tilsettjing.

Hovudarbeidsoppgåver:

  • Utføra sjukepleietiltak og prosedyrar etter kvar du er i utdanninga
  • Stell og pleie av bebuarar/pasientar
  • Sikre gode måltid og aktivitet
  • Sikra dokumentasjon i hht lovverk og interne rutinar

Kvalifikasjonar:

  • Sjukepleiar student
  • Vernepleiar student
  • IKT kompetanse
  • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar minmum nivå B2

Personlege eigenskapar:

  • Fleksibel og lærevillig
  • Blid og serviceinnstilt
  • Etterspør veiledning ved behov
  • Gode samarbeidsevner
  • Engasjert og effektiv- ser kva som kan bli gjort og tar muligheita for å gå ein tur, lese, spele med bebuarane våre!
  • Personlege eigenskaper vert vektlagt

Om oss:

Vindafjordtunet ligg i Nedre vats og er delt i to avdelingar; Somatisk Langtid med 14 plasser og Demensomsorga med til saman 34 plasser igjen fordelt på 2 avdelingar.

Ølen omsorgssenter ligg sentralt i Ølen og har Somatisk Langtid med 14 plasser og Korttid/rehab med 13 plasser.

På natt arbeidar du på heile huset i lag med sjukepleiar og helsefagarbeidar samt nattpatruljen.

Me har årsturnus og langvakter!

Me arbeidar og med oppgåvespissing og har fokus på kven gjre kva og når?

Me kan tilby:

  • Gratis parkering!
  • Kjekke kollegaer og godt arbeidsmiljø!
  • Fleksible og lydhøre leierar og kollegaer!
  • Variert arbeid i eit positivt miljø
  • Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
  • God opplæring og samarbeid med andre
  • Rabatt på treningssenter
  • Bedriftskunstlag
  • Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)

Lønsvilkår:

Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Andre opplysningar:

Studentavtaler:

Vindafjord kommune kan tilby sjukepleiar og vernepleiar- studentar det som truleg er den beste stipendordninga i distriktet. Du vil ha mogligheit til å jobbe ekstravakter ut over din avtalte stillingsprosent og velje den arbeidstidsordninga som passer deg best. Det blir lagt vekt på at du sjølv skal ha stor påverknad på kva helger i året som passer best for deg å jobba.

Studentavtaler skrives for eit år om gongen.

Alternativ 1:

Forpliktande arbeidstid: Kvar 3. helg, minumum to vakter pr. helg. Avtale inngås frå medio august 2023 til medio august 2024. Under hovudferieavviklinga på 8 veker, må du arbeida minimum 75% stilling i 5 veker inkl. 2-3 helger.

1. årsstudentkr. 20.0002. årsstudentkr. 25.0003. årsstudentkr. 30.000

Alternativ 2:

Forpliktande arbeidstid: Kvar 2. helg, minimum to vakter pr. helg. Avtale inngås frå medio august 2023 til medio august 2024. Under hovudferieavviklinga på 8 veker, må du arbeida minimum 75% stilling i 5 veker inkl. 2-3 helger.

1. årsstudentkr. 25.0002. årsstudentkr. 30.0003. årsstudentkr. 35.000

Alternativ 3:

Forpliktande arbeidstid: Kvar 3. helg, minimum to vakter pr. helg- Langvkater à 13,5t/vakt. Avtale inngås frå medio august 2023 til medio august 2024. Under hovudferieavviklinga på 8 veker, må du arbeida minimum 75% stilling i 5 veker inkl. 2-3 helger.

1. årsstudentkr. 25.0002. årsstudentkr. 30.0003. årsstudentkr. 35.000

Vindafjord kommune kan og tilby helgeavtale utover den sentrale!

Opp til 289 helgetimar:70 krFrå 290 til 349 helgetimar:100 krFrå 350 helgetimar:150 kr

Ikkje nøl med å ta kontakt om du har spørsmål!

Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.

Slik søker du:

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Antall stillinger
5
Sted
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
FINN-kode
356073118
Sist endret
07. juni 2024 05:44