Fast helgestilling- Miljøterapeut, helsefagarbeidar og assistent Butenesta Haram

Arbeidsgiver
Tenesteområde Butenester, Haram kommune
Stillingstittel
Fast helgestilling- Miljøterapeut, helsefagarbeidar og assistent Butenesta Haram
Frist
08.09.2024

Beskrivelse

Haram bustadar har for tida ledige helgestillingar i ulike stillingsbrøkar. Det kan være mulighet for arbeid både kvar 2.,3. og 4. helg.

Vi søker etter miljøterapeut, vernepleier, helsefagarbeidar og assistentar.

Ei av stillingane er knytta til barnebolig og avlastningstenesta med arbeid kvar 2. helg, for tiden på dagtid.
I denne stillinga er det ein fordel om du er russisktalande. Stillinga i barnebolig er ledig frå dags dato, eller etter avtale.

Haram bustadar yter tenester på følgande områder; tenestar i bustad retta mot personar med diagnosen utviklingshemming, dagsenter, avlastningsteneste for vaksne, barneavlastning og Solbakken bukollektiv.

Kommunalområde helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Vår viktigaste ressurs er våre tilsette og vi ynskjer å være ein arbeidsplass der ein opplev trivsel, utvikling og meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.

Haram kommune er opptekne av gode heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.



Arbeidsoppgåver

  • Målretta miljøarbeid
  • Vere nytenkande og kreativ for å imøtekome deltakarane sine behov og ønskjer
  • Bruk av hjelpemiddel dersom deltakarane har behov for dette
  • Deltaking/samhandling med pårørande/verge og andre samarbeidspartnarar
  • Dokumentering etter gjeldande prosedyrer og lovverk
  • Fagutvikling, miljøterapeut vil ha fagansvar og koordineringsansvar på avdelinga
  • Utarbeide, oppdatere og følgje opp tiltak og planar etter vedtak og behov

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar eller annan treårig høgskuleutdanning innan helse og sosialfag
  • Erfaring med å jobbe tverrfagleg og i team
  • Erfaring i helse og omsorgstenestelova kapittel 9
  • Meistre godt norsk både skriftleg og munnleg
  • Førarkort kl. B
  • Erfaring frå arbeid rundt menneske med psykisk utviklingshemming
  • Politiattest

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som

  • Viser initiativ og er kreativ
  • Er kunnskapsrik og fagleg oppdatert
  • Er pliktoppfyllande og sjølvgåande
  • Har stor arbeidskapasitet og er ein utprega omsorgsperson
  • Evnar til å bygge relasjonar med deltakarar, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
  • Evnar til å skape engasjement og har gode haldningar og moral
  • Er ein lagspelar som bidrar til at felles mål blir nådd
  • Er lojal og stabil

Vi tilbyr

  • Ein kjekk arbeidsplass med mulighet for personlig og fagleg utvikling
  • Rom for å være kreativ
  • Lønn etter gjeldande tariffavtale

Kontaktinformasjon

Linn Borgund, Tenesteleiar, 97595965, linn.borgund@alesund.kommune.no

Arbeidsstad

Vesterheim

6270 Brattvåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Haram kommune



Referansenr.: 4821006704

Stillingsprosent: 0%

Fast

Startdato: 01.07.2024

Søknadsfrist: 08.09.2024


Antall stillinger
6
Sted
Vesterheim, 6270 Brattvåg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
FINN-kode
356144850
Sist endret
03. juli 2024 02:54