100% stilling Butikkmedarbeidar
- Arbeidsgiver
- Byrknes Landhandleri As
- Stillingstittel
- Butikkmedarbeider dagligvarebutikk
- Frist
- Snarest
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
2 ledige stillinger 100% som butikkmedarbeidar ved Joker Byrknesøy
- Glad i menneske og ein god prat?
- Godt humør og set pris på ein god kommentar?
- Likar at det skjer noko og at dagane er varierte?
- Tek initiativ og kan arbeide sjølvstendig?
Hva vi ser etter
Det er fint om du har bakgrunn frå butikk, men dette er ikkje noko krav, det viktigaste er at du er sjølvstendig, har arbeidsglede og likar menneske.
Me syter for god opplæring og gir deg også moglegheit til å ta fagbrev som butikkmedarbeidar -- salsfag.
Arbeidsoppgaver
Du likar å skape gode kundeopplevingar, hjelper kundane med handelen når det trengst, slår av ein prat og har alltid eit smil å gje.
Syter for at varene kjem i hyllene.
Ekspedering av varer, hjelper dei som vil prøve lykka hos Norsk Tipping, - eller har behov for å hente ut apotekvarer.
Og det viktigaste; at du vil vere ein del av Byrknes Landhandleri, og arbeide saman med oss for å komme i mål med oppgåvene.
Vi tilbyr
Butikken har opningstider frå morgon til kveld, og laurdag 09 -- 18, så du må kunne jobbe både dag, ettermiddag og helg, (3. kvar laurdag). Me blir einige om turnus i fellesskap.
Det er moglegheit for å auke stillingsprosenten etter kvart.
Løns -og pensjonsvilkår: Me følgjer sjølvsagt tariff.
Me ynskjer like gjerne å høyre frå deg som er 18 og vurdere vegen vidare i arbeidslivet, som du som er ung pensjonist og syns det er kjekt å fylle dagane med noko,- og elles, - alle deke midt i mellom.
- Sektor
- Privat
- Antall stillinger
- 2
- Sted
- Søre garden 4, 5970 Byrknesøy
- Stillingsfunksjon
- Butikkansatt, Kundeservice
- FINN-kode
- 356150004
- Sist endret
- 10. juli 2024 12:55