Vi søkjer etter ein aktiv og engasjert ergoterapeut

Arbeidsgiver
Hyllestad kommune Omsorgstenestene
Stillingstittel
Ergoterapeut
Frist
21.07.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi søkjer etter ergoterapeut til omsorgstenestene, vi har ledig fast 100 % stilling frå 15.8.2024 (eller etter avtale).

Kvifor søkje hos oss?
  • Du kan utgjere ein forskjel og vere med å skape gode dagar for brukarane våre. Brukarane er hovudsakleg eldre, men vi har også yngre brukarar som treng tenesta.
  • Du får samarbeide med kompetente kollegaer i eit etablert fagmiljø, vi har to fysioterapeutar i omsorgstenesta som ein jobbar tett i lag med.
  • Kvar dag vil du oppleve gode møter med pasientar, pårørande og kollegaer.
  • Moglegheit til å påvirke eigen arbeidsdag og utvikle eigen kompetanse.
  • Vanleg arbeidstid 07.30 - 15.00 måndag - fredag.

I tillegg vert du medlem i KLP, eit av landets beste pensjonsordningar. Les gjerne meir om medlemsfordelane i KLP

Klar til å søkje? Gå rett til søknadsskjema her

Som ergoterapeut vil dine daglege arbeidsoppgåver mellom anna vere:
  • Kartlegging, tilrettelegging og funksjonstrening for brukarane våre.
  • Hjelpemiddelformidling.
  • Bidra til auka bruk av velferdsteknologi.
  • Bidra og sikre til god kvalitet og forsvarlegheit i tenesta.
  • Tverrfagleg samarbeid, deltaking i utvikling- og forbetringsarbeid.
  • Journalføring i CosDoc, kontakt med pasientar og deira pårørande.

Andre oppgåver kan kome i tillegg og oppgåvene kan endre seg etter behov.

Vi ser for oss at du har

bachelor som ergoterapeut og norsk autorisasjon. Vi kunne også trenge nokon som er oppteken og har erfaring med velferdsteknologi.

Tenkjer du om deg sjølv at du er evne til å gje omsorg og tryggleik, har eit heilheitsblikk, samt er motivert for å arbeide med eldre og sjuke pasientar, då er du nok ein god kandidat for oss.

For å arbeide som ergoterapeut i Hyllestad er det naudsynt med førarkort for personbil, vi har eigne bilar i tenesta. Godkjent politiattest og eigenerklæring smittevern må leverast før tiltreding.

Kontakt

Fleire opplysningar om stillinga kan du få hos fagleg leiar Hilde Merethe Håvåg.

Hos oss vil du få ein gjeng med gode kollegaer som kan faget sitt, og som ønskjer å lære vekk sin kompetanse - samstundes som dei vil lære av deg.

Er du treningsentusiast får du gratis tilgang til treningsstudio i idrettshallen vår.

Kvifor Hyllestad?

Hyllestad kan skilte med norsk natur på sitt beste, du kan rusle langs vasskanten eller bestige fjell som Lihesten, her er gode moglegheiter for jakt og fiske. I Hyllestad er det rom og moglegheiter for både familiar og einslege. Vi har mange fritidsaktivitetar i regi av ulike lag og organisasjonar. Og - her er plass til fleire, kanskje akkurat deg?

Vi har ledige byggeklare tomter med flott utsikt og gode solforhold, fritids- og aktivitetstilbod for både store og små, rimelege barnehageplassar.

Har du lyst å lese meir om livet i Hyllestad, sjekk ut Hyllestadinfo

Vi ser fram til søknaden din!Om du har lyst til å vere med oss på laget - ikkje nøl, send oss ein søknad. Vi gledar oss til den dukkar opp i innboksen vår!Relevante lenkjer
  • Hyllestad kommune som framtidig arbeidsgjevar
  • Hyllestadinfo
  • Informasjon om bustadtilskot til førstegangsetablerarar
  • Sjå film om den fine kommunen vår!

Sjå andre ledige stillingar i Hyllestad på arbeidsplassen.no


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Åfjordvegen 903, 6958 Sørbøvåg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier, Helsepersonell / Ergoterapeut
FINN-kode
356151072
Sist endret
08. juni 2024 05:29