Tilkallingsvikarar i barnehage og skule/SFO

Arbeidsgiver
Sande kommune
Stillingstittel
Tilkallingsvikarar i barnehage og skule
Frist
31.12.2024

Beskrivelse

Har du lyst å jobbe i barnehage eller på skule? Kanskje er du student eller har friår? Eller ein med tid i kvardagen av andre grunnar? Sande kommune har til ei kvar tid behov for fagarbeidarar og assistentar som kan tenkje seg å vere tilkallingsvikar.No søkjer vi vikarar som er tilgjengeleg frå hausten 2024.

Som tilkallingsvikar må du vere fleksibel og ha høve til å stille opp på kort varsel. Du vil få ein rammeavtale og kan verte oppringt av både barnehage, skule og SFO i ved behov. Det kan også verte aktuelt med korte vikariat.

Ingen søknadsfrist. Vi tek i mot søknadar heile året!



Arbeidsoppgåver

Praktisk arbeid med born i barnehagen frå 0-5 år og i skulen/SFO frå 1.-10. klasse.

Kvalifikasjonar

Assistent: Det vert ikkje stilt krav til utdanning og erfaring for assistentar

Fagarbeidarar: Fagbrev som barne-og ungdomsarbeidar eller liknande

Studentar i relevant utdanningsløp får studentløn!

Politiattest av ny dato må leverast, jamfør forskrift til opplæringslova kapittel 15

Personlege eigenskapar

Du må vere positiv, til å stole på og god til å kommunisere. Du likar å jobbe i lag med andre og er engasjert.

Vi tilbyr

Vi tilbyr varierte og spennande arbeidsoppgåver, dyktige kollega og eit arbeidsfellesskap der vi legg vekt på trivsel, fagleg utvikling og kvalitet.

Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk.

Innmelding i KLP

Kontaktinformasjon

Odd Gunnar Myhre, kommunalsjef oppvekst og kultur, +47 90195701

Arbeidsstad

Prestegardsvegen 31

6084 Larsnes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sande kommune



Referansenr.: 4702287677

Stillingsprosent: 0%

Anna


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
5
Sted
Prestegardsvegen 31, 6084 Larsnes
Stillingsfunksjon
Barnehage / Barnehageassistent, Undervisning og pedagogikk, Annet
FINN-kode
356227994
Sist endret
07. juni 2024 06:19