Ledige fastlegeheimlar i Etne kommune

Arbeidsgiver
Etne kommune Helse
Stillingstittel
Fastlege, 100%
Frist
12.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Etne kommune har to ledige fastlegeheimlar med liste på 500 innbyggjarar og 750 innbyggjarar.
Legetenesta i kommunen har hovudkontor i Etne og eit utekontor i Skånevik. Kommunen eig alle fastlegeheimlane, der legane disponerer kvar sine lister. Du vil bli del av Etne legekontor med totalt 7 legar, der 4 er spesialistar og 2 har ALIS-ordning. Det er 6 hjelpepersonell knytt til legetenesta. Trivelege kollegaer med erfaring og gode rutinar. Legekontoret er nyoppussa og velutstyrt med blant anna ultralyd. Stillingane kan egna seg både for erfarne fastlegar eller ALIS stilling.


Fråtredande legar har 8.2 avtale med kommunen, med gode innteningsmoglegheiter. Ved ALIS stilling kan kommunen leggje til rette for kommunal tilsetjing, med overgang til sjølvstendig næringsdrift når ein er spesialist.
Etne kommune er ein langstrakt kommune med tilgang til flott natur med både fjord og fjell. Kommunen har om lag 4100 innbyggarar der nesten halvparten bur i tettstadane Etne og Skånevik. Kommunen har eit rikt kulturliv, engasjert næringsliv med tilgjenglege servicetenester, aktive organisasjonar og eit godt oppbygd kommunalt tenesteapparat. Det skal vera godt å bu og jobba i kommunen, og me trur at du vil trivast om du søkjer deg jobb hos oss. Velkommen som søkjar.

Arbeidsoppgåver
  • Journalsystem, pasientsky
  • Pasientliste på minimum 500/750, kan aukast om ønskeleg
  • Ingen kommunale oppgåver ligg til stillinga per i dag
  • Etne og Vindafjord tilbyr ei solid interkommunal legevaktordning som ivaretar turnus ihht arbeidsmiljøloven og har 17-dels vaktordning. Pliktig deltaking med 17-delt vaktbelastning med bemanna legevaktsentral og god fastløn for vaktarbeidet.
Kvalifikasjonar
  • Krav til norsk autorisasjon som lege med godkjent LIS1 teneste, og refusjonsrett frå HELFO
  • Krav til at søkjar beherskar norsk godt
  • Krav om førarkort kl B, og bør disponere bil
Eigenskapar
  • Er engasjert, fleksibel, påliteleg og open i møte med andre
  • Har evne til å lytta og trivast i arbeid med mennesker
  • Er løysningsorientert, med evne til å arbeida målretta og strukturert både sjølvstendig og i team
  • Har god evne til samarbeid, relasjonsbygging og kommunikasjon
Me kan tilby
  • Gode innteningsmoglegheiter gjennom 8.2 samarbeidsavtale, der kommunen driftar legekontoret
  • Godkjent utdanningsverksemd og kan tilby spesialisering for ALIS
  • ALIS avtale med fastlønn
  • Fleksibel arbeidstid
  • Eit godt arbeidsmiljø med fokus på fagleg utvikling
  • Eit godt utstyrt legekontor
  • Hjelp til å skaffe bustad
Annan informasjon

Vi ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjer kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Sjoarvegen 2, 5590 Etne
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Lege
FINN-kode
356604521
Sist endret
15. juli 2024 09:48