Inaktiv

Universitetslektor (20 % bistilling) i medisin (gynekologi og obstetrikk) ved Klinisk institutt 2

Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
Universitetslektor (20 % bistilling) i medisin (gynekologi og obstetrikk) ved Klinisk institutt 2
Frist
23.06.2024

Beskrivelse

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?


Universitetslektor

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2, er det ledig ei åremålsstilling som universitetslektor (20 % bistilling) i medisin (gynekologi og obstetrikk) i tre (3) år frå tilsetjing. Stillinga er knytt til fast relevant hovudstilling (minimum 50 %) ved Helse Førde. Arbeidsstad er ved Førde sentralsjukehus.

Vi søkjer ein medarbeidar som saman med tilsette ved instituttet vil bidra til framifrå undervisning.


Arbeidsoppgåver:

Stillinga inneheld oppgåver innan

  • undervisning, rettleiing og tilrettelegging, først og fremst knytt til undervisning i gynekologi og obstetrikk for medisinstudentar frå Universitetet i Bergen som har praksisopphald eller anna undervisning ved Førde sentralsjukehus
  • generell undervisning og undervisning i høve til dei studieprogramma fakultetet/instituttet til ei kvar tid har kan verte pålagt
  • administrative oppgåver etter rettleiande tidsmessige rammer

Den som vert tilsett, vert del av undervisningsgruppe for gynekologi, og vil få delansvar for utforming av undervisning i gynekologi og obstetrikk for medisinstudentar frå Universitetet i Bergen.


Kvalifikasjonar og eigenskapar:
  • Søkjar må ha norsk cand.med. - grad eller tilsvarande kompetanse
  • Søkjar må ha spesialistutdanning i gynekologi og obstetrikk eller oppnå denne spesialiteten innan to (2) år
  • Det er eit ønskje at søkjar har brei og relevant klinisk erfaring, og også engasjement og interesse for undervisning
  • Erfaring med undervisning på bachelor- og masternivå eller i profesjonsutdanningar, og frå rettleiing av studentar på bachelor- og masternivå eller i profesjonsutdanningar er ønskjeleg
  • Det er eit ønskje at søkjar har undervisnings- og administrativ erfaring inklusiv erfaring med populærvitskapleg formidling

Det vert lagt vekt på dokumentert vilje og evne til samarbeid.

Personlege eigenskapar vert vektlagd ved vurderinga.

Undervisningsspråket er til vanleg norsk. Det vert kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga.


Vi tilbyr:
  • Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • Løn er for tida kr 594 500 – 646 000 (kode 1009, lønssteg 61-66) brutto pr. år for ei fulltidsstilling. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:
  • Ei kort utgreiing om søkjaren sin motivasjon for å søkje stillinga
  • CV
  • Karakterutskrifter (all høgare utdanning) og relevante attestar
  • Dokumentasjon på utdanningsfagleg kompetanse
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)

Dersom du driv forsking legg du og ved:

  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Vitskaplege arbeid (maks 10) i PDF-format

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (PDF).


Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Silje Skrede, e-post: silje.skrede@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan verte gjort offentleg sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å verte ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.


Sektor
Offentlig
Sted
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Undervisning og pedagogikk, Helsepersonell
FINN-kode
356613824
Sist endret
10. juni 2024 12:47