Inaktiv

Fagarbeider/assistent «Garden på Lirhus»

Arbeidsgiver
Voss herad Skulestad skule
Frist
24.06.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Assistent / miljøarbeidar på «Garden på Lirhus»

Ei fast stilling som 20 % assistent / fagarbeidar på Garden på Lirhus med oppstart 01.08.2024.

Om arbeidsstaden

Garden på Lirhus er ein læringsarena for alle skulane på Voss.
Her får elevanepå Voss lære om mjølking og dyrestell og ei innføring i plantestell. Dei følgjer heile prosessen frå frø til mat på bordet. Dei lærer å nytta reiskap, laga tradisjonsbakst og dei lærer om garnfiske og å sløya.
Målet er at den oppveksande generasjonen får eit tettare tilhøve til naturen og miljøet rundt seg

Me søkjer assistent/ fagarbeidar med

  • Gartnar eller agronomutdanning
  • Søkjarar med anna relevant kompetanse eller erfaring kan verta vurdert
  • Relevant erfaring med born og unge, også dei som har særleg behov for tilrettelegging i skulekvardagen.
  • Erfaring med å jobbe med born og unge i alternative læring arenaer
  • Søkjarar må ha førarkort for bil i klasse B
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Trivsel og samarbeid er høgt verdsett hjå oss, og for å trivast må du:

  • Ha god fagkompetanse og vere god på relasjonsbygging
  • Du må vere positiv, fleksibel og løysingsorientert
  • Du må samarbeide godt med andre og like å jobbe godt i team
  • Vere fleksibel når det kjem til arbeidstid

Arbeidsoppgåver

  • hjelpe elevar som har behov for støtte i undervisninga
  • Være praktisk anlagt
  • leie eller delta i planlegging
  • gjennomføring av aktivitetar som støttar elevar sin læring
  • støtte elevane i leik og samvær med andre elever
  • vere ein omsorgsfull rollemodell.
  • samarbeide tett med andre kollegar

Me tilbyr

  • gode vilkår for fagleg utvikling
  • eit svært godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • eit godt kollegium
  • eit svært godt tverrfagleg- og sosialt miljø
  • yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • gode pensjonsordningar
  • løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

Godkjent politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga.


Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Strandavegen 334, 5710 Skulestadmo
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Annet, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
FINN-kode
356651903
Sist endret
11. juni 2024 06:27