Inaktiv

Sjukepleiar

Arbeidsgiver
Sengepost barn og ungdom Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Sjukepleiar
Frist
05.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Har du ei ekstra interesse for å arbeide med barn og unge? Vi har ledige faste stillingar for sjukepleiar!

På vår sengepost for barn og unge har vi 8 sengeplassar, men vi har også pasientar inne til dagbehandling fra ulike fagområder. Nå søker vi etter nye sjukepleiarar som har interesse, kompetanse og engasjement for å arbeide med den «nye» generasjonen og som vil vidareutvikle vår seksjon.

Vi vil gjere vårt beste for at du skal trivast og håper at du vil vere med på innflytting i Norges mest moderne sjukehus på Hjelset våren 2025.
Vi ønskjer søkjarar både frå Nordmøre og Romsdal, grunna arbeidsstad både i Kristiansund og på Hjelset.
Er du usikker eller har du spørsmål? Ta gjerne kontakt!

Drøymer du om å bo med kort avstand mellom hav, fjell og fjord med rikt høve til friluftsliv? Å ha tilgang på eit rikt og engasjert kulturmiljø i ein kystbyar med ambisjonar?
Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her!
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her!



Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleieoppgåver til dei unge og håpefulle
  • Opplæring og rettleiing til pasientane og deira pårørande
  • Samarbeid med dyktige kollegaer frå ulike fagmiljø
  • Handtering av medikament og god dokumentasjon

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Vi håper at du har erfaring frå pasientgruppa
  • Det er ein fordel om du har god IT-kompetanse
  • For arbeid med denne pasientgruppa må det framleggast politiattest

Personlege eigenskapar

  • Ein kreativ og tålmodig lagspelar
  • Spesiell interesse for barn og unge
  • Du er dyktig til å kommunisere med pasientane
  • Vi ser etter ein kandidat som er godt egna til pasientgruppa

Personlege eigenskapar og eignaheit vil verte vektlagd ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
  • Eit flott arbeidsmiljø der ein samarbeider godt mellom faggruppene
  • Arbeid med ei spennande pasientgruppe

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp og lagt ved søknad og CV.

Kontaktinformasjon

Kjetil Sandvik Havnen, Konstituert seksjonsleder, +47 40604385, kjetil.sandvik.havnen@helse-mr.no

Siv Helen Kristoffersen, Seksjonsleiar, 71121558, Siv.Helen.Kristoffersen@helse-mr.no

Arbeidsstad

Herman Døhlens vei 1

6508 Kristiansund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF



Referansenr.: 4822496702

Stillingsprosent: 100%

Fast

Startdato: 05.08.2024

Søknadsfrist: 30.06.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
5
Sted
Herman Døhlens vei 1, 6508 Kristiansund N
Stillingsfunksjon
Sykepleier
FINN-kode
356750841
Sist endret
01. juli 2024 09:50