Inaktiv

Rådgivar

Arbeidsgiver
Klinikk for psykisk helsevern og rus, Helse Fonna HF
Stillingstittel
Rådgivar
Frist
15.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Er du interessert i psykiatri og opptatt av fagutvikling og kvalitet? Då er dette arbeidsplassen for deg.
Vi har ledig ein fast stilling som rådgjevar i stab til Klinikkdirektør.

Klinikk for psykisk helsevern og rus tilbyr spesialisthelsetenester til heile befolkinga i Helse Fonna. Vi driv utgreiing, diagnostisering og behandling, opplæring av pasientar og pårørande, utdanning av helsepersonell og har eit sterkt forskingsmiljø.

Klinikken har 2 sjukehusavdelingar (Haugesund og Valen), 3 distriktpsykiatriske sentra (Haugaland, Stord og Folgefonn) og 2 BUP-avdelingar (Haugesund og Stord). Klinikk for psykisk helsevern og rus er den største klinikken i Helse Fonna med 735 faste medarbeidarar.
Stab til klinikkdirektør er lokalisert i Haugesund. Ein må pårekne noko reiseverksemd. Stillinga inngår i klinikkdirektør sin stab, og har brei kontaktflate på alle nivåer i klinikken.

Du kan lese meir om oss på: Klinikk for psykisk helsevern



Arbeidsoppgåver

  • Samordne kompetanseplanar i tråd med nasjonale retningslinjer og kompetansutvikling i Klinikk for psykisk helsevern og rus.
  • Ansvar for tilrettelegging utdanningsforløp for legar
  • Hovudansvar for revisjon av prosedyrer og rutinar knytt til pasientbehandling
  • Delta i fagnettverk for læring og utvikling i Helse Fonna HF
  • Utvikle klinikken sin digitale profil – digitalt helsetilbod

Kvalifikasjonar

  • Høgskule utdanning på minst bachelor nivå
  • Ha god kjennskap til spesialisthelsetenesta og gjeldande lovverk
  • Solid IT-kunnskap/digital kompetanse
  • Kjennskap til forbetringsmetodikk
  • Personlege eigenskapar blir vektlagd

Personlege eigenskapar

Hos oss er det viktig at du:

  • kan arbeide sjølvstendig
  • er analytisk og strukturt
  • trivst med temarbeid
  • har gode samarbeidsevner

Vi tilbyr

  • Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i stadig utvikling
  • Høgt fagleg nivå med fokus på fag og kvalitetsforbedring
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Personleg utvikling
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv- bedrift ( IA-bedrift)
  • For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkjar gi til kjenne dette i søknaden
  • Konkurransedyktige pensjonsordning, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenesteforsikring

Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Kenneth Eikeset, Direktør, +47 99513977

Arbeidsstad

Karmsundgata 120

5528 Haugesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF



Referansenr.: 4826930360

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 15.08.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Ledelse, Helsepersonell / Psykolog
FINN-kode
356757519
Sist endret
11. juni 2024 01:16