Professor/førsteamanuensis i medisin (eldremedisin)

Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
Professor/førsteamanuensis i medisin (eldremedisin)
Frist
31.07.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?


Professor/førsteamanuensis i medisin (eldremedisin)

Ved Det medisinske fakultet er det ledig ei fast stilling (100 %) som professor eller førsteamanuensis ved Institutt for Global helse og samfunnsmedisin (IGS).

Stillinga er plassert i Senter for alders og sykehjemsmedisin (SEFAS) som er del av Fagområde for eldremedisin, samfunnsfarmasi og tverrprofesjonell samarbeidslæring. Det kan også vere aktuelt å tilsetje førsteamanuensis dersom det ikkje melder seg kvalifisert søkjar med professorkompetanse, eller etter ei totalvurdering av kvalifikasjonar og kompetanse.

Vi søkjer ein medarbeidar ved SEFAS som vil bidra til framifrå forsking innan eldremedisin. Leiaroppgåver kan vere aktuelt, både på kortare og lengre sikt. SEFAS vert leia av professor Bettina S. Husebø og har totalt 16 tilsette med omfattande aktivitet innan forsking, formidling og implementering av forskingsresultat. Senteret sitt arbeid er basert på både nasjonalt og internasjonalt samarbeid og prioriterer kliniske prosjekt som undersøkjer innovativ teknologi, analyser av helsedata og bruk av kunstig intelligens. Brukarinvolvering i forsking og samarbeid med industripartnarar er høgt prioritert. Vi utviklar og testar nye metodar for å monitorere og predikere symptomutvikling, implementerer målretta intervensjonar som betrar livskvalitet og funksjon hjå eldre personar med multimorbiditet og komplekse omsorgsbehov, retta mot både heimebuande og eldre i sjukeheimar. Senteret har dei siste åra fått tilslag på ei rekke prosjekt, m.a. Noregs Forskningsråd, Helse Vest, EU og Trond Mohn stiftinga, og har derfor behov for ein erfaren forskar som kan vere med og drifte store prosjekt, rettleie Ph.D kandidatar, formidle kunnskap og bidra med undervisning av høg kvalitet om eldremedisin og relaterte emnar. Vi søkjer ein person som kan vidareutvikle senteret i tett samarbeid med leiar og representere SEFAS i ulike fora.

IGS er lokalisert i eit flott bygg i Alrek helseklynge på Årstadvollen. Alrek helseklynge arbeider mellom anna med forsking, innovasjon og undervising retta mot kommunane, der tverrprofesjonelt samarbeid er ein viktig føresetnad. IGS har ein forskings- og innovasjonsstrategi basert på samarbeidet i Alrek helseklynge.


Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Den som vert tilsett skal leie og initiere forskingsprosjekt, undervise og rettleie studentar, stipendiatar og postdoktorar, ta på seg administrative oppgåver etter rettleiandetidsmessige rammer, samt følgje opp administrative oppgåver knytt til drift av SEFAS. Den som vert tilsett skal bidra i SEFAS sitt styre med sikte på vidareutvikling av senteret. Det er forventa at den tilsette regelmessig sender søknadar til relevante nasjonale og internasjonale kjelder for forskingsfinansiering. Undervisningsplikta i stillinga er først og fremst knytt til aktuelle program ved IGS, men personen som vert tilsett pliktar å undervise i høve til dei studieprogramma fakultetet/instituttet til ei kvar tid har. Det vert forventa høge ambisjonar og god kvalitet med omsyn til forsking og undervisning, samt aktiv deltaking i SEFAS, instituttet og fakultetet sitt strategiarbeid og faglege aktivitetar.


Kvalifikasjonar og eigenskapar:
  • Søkjar må ha norsk doktorgrad i eit relevant fagfelt, eller tilsvarande kompetanse og må fylle krav til utdanningsfagleg kompetanse
  • Søkjar må ha utdanning som lege, og det er ein fordel med erfaring med klinisk arbeid knytt til eldre i norsk helsevesen. Det vil vere ein føremon, men ikkje eit krav, med klinisk spesialistkompetanse innan allmennmedisin, geriatri, psykiatri, nevrologi eller annan relevant spesialitet
  • Søkjar må dokumentere eiga forsking innan relevant fagfelt
  • Det vert lagt vekt på erfaring med leiing av forskingsprosjekt, koordinering av forskingsaktivitet, samt forskingsstrategisk arbeid. Det vil bli lagt vekt på dokumentert evne til å skape forskingsmiljø og til å skaffe eigne forskingsmidlar
  • Det vert lagt vekt på gode praktisk-pedagogiske evner og kvalifikasjonar
  • Det vert lagt vekt på gode eigenskapar til populærformidling og evne til representasjon mot eksterne aktørar
  • Det vert lagt stor vekt på vilje og evne til samarbeid
  • Personen vi søkjer er i ein aktiv fase av karrieren som ønskjer å bidra med å utvikle SEFAS

Den ideelle kandidaten publiserer på høgt internasjonalt nivå, kan vise til søknader og tilslag frå nasjonale og internasjonale finansieringskjelder for forsking og utdanningsarbeid, og har etablert, eller er i ferd med å etablere, eiga forskingsgruppe. Resultat oppnådd dei siste 5-7 år vil bli særleg vektlagt ved bedømminga. Den ideelle kandidaten har god kjennskap til det eldremedisinske fagfeltet lokalt, nasjonalt og internasjonalt bl.a. gjennom forskingssamarbeid og har også erfaring med undervisning på bachelor- og masternivå eller i profesjonsutdanningar, og frå rettleiing av ph.d.-kandidatar. Erfaring frå ulike nasjonale og internasjonale forskingsinstitusjonar, og evne til å etablere internasjonale nettverk vil telje positivt ved bedømminga, og det same gjer også erfaring av og interesse for innovasjon. Personlege eigenskapar blir vektlagd ved vurderinga.

Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga, sjå retningsliner for oppretting av ei pedagogisk mappe på Eining for læring. Kravet er absolutt for professor medan førsteamanuensis vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing. Undervisningsspråket er til vanleg norsk. Det vert kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga. Kurs vert tilbode.


Vi kan tilby:
  • Eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
  • Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • Professor:
    Løn er for tida kr 919 200 (kode 1013, lønssteg 82). Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Førsteamanuensis:
    Løn er for tida kr 720 100 – 732 300 (kode 1011, lønssteg 72-73), eller løn for spesialist kr 732 300 - 759 100 (kode 1011, lønssteg 73-75). Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • God pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:
  • Søknadsbrev som fortel kvifor du søkjer stillinga
  • Utfyllande CV samt relevante vitnemål og attestar
  • Plan for eiga forsking dei neste fem åra (maks 5 A4-sider)
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Pedagogisk mappe
  • Ei liste over vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (høgst 10 for førsteamanuensis, høgst 15 for professor). For kvart arbeid skal det følgje med eit kort samandrag som omtalar dei viktigaste funna i arbeidet
  • Dei vitskaplege arbeida frå punktet over i pdf-format
  • Namn og kontaktinformasjon til minst to referansar

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.


Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga får ein ved å kontakte:

Professor Bettina Husebø, e-post bettina.husebo@uib.no, tlf 48094660 eller instituttleiar, professor Bjarne Robberstad bjarne.robberstad@uib.no.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane om moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.


Sektor
Offentlig
Sted
Haukelandsveien 28, 5009 Bergen
Stillingsfunksjon
Forskning/Stipendiat/Postdoktor, Ledelse, Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
356767840
Sist endret
12. juni 2024 05:40