Assisterande seksjonsleiar

Arbeidsgiver
Ortopedisk og geriatrisk sengepost FSS, Helse Førde
Stillingstittel
Assisterande seksjonsleiar ortopedisk og geriatrisk sengepost
Frist
31.07.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Ortopedisk og geriatrisk sengepost har ledig stilling som assisterande seksjonsleiar.

Er du sjukepleiar med leiarambisjoner? Då har vi ei kjempespennande mogelegheit i nyoppretta stilling!

Helse Førde er for tida inne i eit omfattande og spennande utviklingsarbeid. Og vi gler oss til å flytte inn i ein ny og moderne sengepost med einerom til alle våre pasientar, og gode arbeidsforhold for dei tilsette.

Ved flytting til Nye Førde Sjukehus (NFS) hausten 2024 vil ortopedisk sengepost endre form til ortopedisk og geriatrisk sengepost. Sengeposten vil dekke heile 7.etg i det nye Liva-bygget, og vil ha ca. 30 årsverk fordelt på sjukepleiarar og hjelpepleiarar.

I stillinga som assisteranda seksjonsleiar vil du, i lag med resten av leiarteamet, ha ei viktig rolle i utvikling av den nye sengeposten. Vi ynskjer ein assisterande leiar som er tett på drifta, og stillinga er derfor lagt med arbeid kvar 3.helg.

Helse Førde har eit breitt ortopedisk tilbod med traumatologi, handkirurgi, skulderkirurgi, protesekirurgi – hofte, kne, skulder, fotkirurgi. ryggkirurgi. Det har over lang tid vore arbeida med å byggje opp eit godt tverrfagleg tilbod til geriatriske pasientar med rehabiliteringspotensiale. Summen av dette meiner vi blir ein særs interessant og spanande sengepost å arbeide i!

Oppstart september 2024, eller etter avtale.



Arbeidsoppgåver

  • Skal assistere seksjonsleiar i fagleg og administrativ leiing
  • Stedfortredar for seksjonsleiar i denne sitt fråvær
  • Tett samarbeid med seksjonsleiar og fagutviklar
  • Deltaking i ulike prosjektarbeid og organisasjonsutvikling
  • Arbeid kvar 3.helg, elles dagtid

Kvalifikasjonar

  • Offentleg godkjent sjukepleiar
  • Ønskjeleg, men ikkje naudsynt med erfaring frå ortopedi og/eller geriatri
  • Ønskjeleg, men ikkje naudsynt med utdanning/erfaring innanfor leiing
  • Ønskjeleg med erfaring innanfor endringsarbeid

Personlege eigenskapar

  • Sjølvstendig og løysingsorientert
  • Fleksibel
  • Glad i folk og har gode samarbeidsevner
  • Nysgjerrig på nye mogelegheiter

Vi tilbyr

  • Lønn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Håvard Nesse Røneid, Seksjonsleiar, 996 02 854

Arbeidsstad

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde



Referansenr.: 4811508303

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 31.07.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell, Ledelse
FINN-kode
356789426
Sist endret
27. juni 2024 01:21