Inaktiv

Ledige stillingar som barne- og ungdomsarbeidar ved Palmafossen skule

Arbeidsgiver
Voss herad Palmafossen skule
Stillingstittel
Barne- og ungdomsarbeidar
Frist
25.06.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Stillingar:


Me har ledig fylgjande stillingar frå 1.august 2024:

  • 80% fast stilling i skule og sfo. Fylgjer skuleruta.
  • 70% fast stilling i skule og sfo. Fylgjer skuleruta.
  • 32 % fast stilling kun i sfo ettermiddag. Fylgjer skuleruta.


Alle som blir tilsett i fast stilling som barne-og ungdomsarbeidar fylgjer arbeidsåret til utvida SFO, så lenge ikkje anna er avtala.

Dei som fyl skuleåret har eit nedtrekk på 11% etter SFS 2201 pkt. 3.5 Stillinga vert då komprimert på 38 veker.

Tidsrom:

  • tilsett frå 1.8.2024, med første arbeidsdag 12.august 2024.

Me tilbyr:

  • gode vilkår for fagleg utvikling
  • eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • gode pensjonsordningar
  • løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

Kvalifikasjonar:

  • fagarbeidar med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
  • søkjarar med annan kompetanse/erfaring kan bli vurdert.
  • gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg

Me ynskjer personar:

  • som er trygge og tydelege vaksne
  • viser og tek initiativ og ansvar, og kan arbeida sjølvstendig
  • som er løysingsorientert, har endringsvilje og er fleksibel
  • har gode samarbeidsevner
  • som evner å sjå det beste i kvar einskild og vera aktiv deltakar i samspel med barna,
  • som har erfaring eller ynskjer å arbeide med elever som har særskilde behov og treng tettare oppfylging.

Arbeidsoppgåver:

  • tilretteleggja og vera ei støtte for elevar i skulekvardagen og SFO, stillingane vil vera knytt til å fylgja opp einskildelevar gjennom skulekvardagen
  • støtte i klassar med behov, og gjennomføre arbeidsoppgåver planlagt av undervisningspersonell
  • arbeidsoppgåver knytt opp til SFO, med oppfylging av borna i leik og aktivitet
  • arbeidsoppgåver vil vera knytt både til elevar med behov for 1:1 av vaksne, og større grupper av barn
  • leksehjelp kan bli lagt til som ein av arbeidsoppgåvene


Godkjent politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga.

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Tjukkabygdvegen 29, 5705 Voss
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Omsorg og sosialt arbeid, Annet
FINN-kode
356794733
Sist endret
12. juni 2024 06:17