Inaktiv

40% stilling som koordinerande sjukepleiar og 60% som ordinær sjukepleiar

Arbeidsgiver
f.t. ved Bremanger sjukeheim, Bremanger kommune
Stillingstittel
Sjukepleiar
Frist
15.08.2024

Beskrivelse

Stillinga er 40% som koordinerande sjukepleiar og 60% som ordinær sjukepleiar i tredelt turnus.
Som koordinerande sjukepleiar får du ein unik moglegeheit til å vere med å videreutvikle og påverke tenestene . Du blir ein nær samarbeidspartnar med fagleiar ved Bremanger sjukeheim, og vil arbeide med delgerte arbeidsoppgåver.

Arbeidsdagen på Bremanger sjukeheim er variert, kor du lærer mykje på kort tid. Som sjukepleiar på Bremanger sjukeheim får du moglegheit til å bruke heile sjukepleiekompetansen din. Alt frå pasientnært arbeid til administrative oppgåver.
Bremanger sjukeheim har 35 bueiningar, fordelt på 3avdelingar og serviceleilighetar. Avdelingane er fordelt etter diagnoser og ulike hjelpebehov.



Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleiefaglege oppgåver, omsorg og medisinsk behandling
  • Nært samarbeid med fagleiar
  • Moglegheit til å vere med i utviklingsarbeid
  • Kartlegging av tenestebehov for den einskilde brukar
  • Vere med å videreutvikle tenestene gjennom rettleiing og undervisning
  • Koordinere oppfølging og organisering kring kortidspasientar
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Oppfølging av nytilsette
  • Dagleg drift

Kvalifikasjonar

  • Offentleg godkjend/autorisert sjukepleiar
  • Gjerne relevant videreutdanning og kurs
  • Legge fram politiattest av nyare dato
  • Gode språkkunnskapar i norsk både skriftleg og munnleg
  • Gjerne relevant erfaring innan akuttmedisin

Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som er motivert, fagleg engasjert, sjølvstendig og interessert medarbeidar. For oss er det viktig at du trivast med menneske, og at du ønskjer å bruke faget ditt til det beste for våre pasientar. Du må ha gode kommunikasjonsferdigheiter og vere ein lagspelar. I tillegg håpar vi du er løysningsorientert og ynskjer å vere med å videreutvikle tenestene våre. Serviceinnstilling, erfaring og personleg eignaheit vert vektlagt.

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø der du vil møte gode kollegaer med godt humør og stå på vilje.
  • God pensjon og gode lånevilkår gjennom medlemskap i Statens Pensjonskasse. SPK.no Statens pensjonskasse for undervisningspersonale og KLP.no Kommunal Landspensjon for andre. Ordningane ein får tilgang på kan bety mykje gjennom livsløpet.
  • Gode personforsikringar i arbeid og fritid.
  • Gode moglegheiter for vidareutdanning, fagleg og personleg utvikling. Etter nærare avtale kan etter- og vidareutdanning gjennomførast med kompensasjon frå arbeidsgjevar.
  • Arbeidsgjevar dekker kostnadar til arbeidsklede, jf. lokal avtale.
  • Senioravtale for tilsette over 62 år.
  • Tilsette i turnusordning får vere med på planlegging av si eiga arbeidstid og fritid.
  • Rekrutteringstilskot til sjukepleiarar og vernepleiarar med kr. 30.000,- pr. år inntil 10 års ansiennitet.
  • Hjelp til å finne bustad og barnehageplass.
  • Gratis barnehage f.o.m. 01.08.24. Løpande barnehageopptak gjennom året!
  • Gratis 12 timar SFO i veka for 1-3 klasse.
  • Sjå ledige bustadtomtar i kommunen.
  • Tilskot til bustadbygging Tilskotet er sett til kr 200 000 for bustadhus og kr 50 000 for kjøp av nybygt bustad i fleirbustadbygg.

Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljøilag med gode kollegear!

Kontaktinformasjon

Evy Janne Berle, Driftssjef, +47 95982944

Arbeidsstad

Gamlevegen 59

6729 Kalvåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Bremanger kommune



Referansenr.: 4827488176

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 15.08.2024


Sted
Gamlevegen 59, 6729 Kalvåg
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
356898210
Sist endret
08. juli 2024 09:45