Inaktiv

Servicearbeidar, 60% vikariat

Arbeidsgiver
Gulen kommune
Stillingstittel
Sone Eivindvik - Gulen sjukeheim. Tilsetjing 60% vikar servicearbeidar frå 05.08.24 - 05.08.25
Frist
07.07.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Om stillinga/arbeidsoppgåver

Gulen kommune, for tida ved Sone Eivindvik - Gulen sjukeheim, har ledig 60% vikariat som servicearbeidar frå 05.08.24 - 05.08.25. Stillinga er i hovudsak knytt til reinhald, men oppgåver innanfor vaskeri, kjøkken og som frukostvert kan også vere aktuelt.


Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar
  • Ynskjeleg med erfaring frå arbeid innan reinhald
  • Ynskjeleg med fagbrev som reinhaldsoperatør, men ikkje eit krav for vikariatet
  • Er positiv og samhandlar godt med bebuarane og medarbeidarane
  • Er strukturert, fleksibel og har gode samarbeidsevner
  • Frukostverten har ei viktig rolle når det gjeld å skape ein god og roleg atmosfære ved måltida og elles "på huset"
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt

Anna
  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
  • Me gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering

Sektor
Offentlig
Sted
Eivindvikvegen 1119, 5966 Eivindvik
Stillingsfunksjon
Annet, Helsepersonell, Renhold
FINN-kode
356906912
Sist endret
12. juni 2024 01:13