Fritidskoordinator

Arbeidsgiver
Stryn Kommune
Stillingstittel
Fritidskoordinator
Frist
26.06.2024
Ansettelsesform
Engasjement

Beskrivelse

Stryn kommune lyser etter ein fritidskoordinator som skal bidra med å skape aktivitet for barn og unge, med mål om å hindre utanforskap i kommunen gjennom koordinering, førebygging og rettleiing. Fritidskoordinator skal vere ein kontaktperson og eit bindeledd internt i kommunen og mot det frivillige kulturlivet.
Engasjement vil vere aktuelt frå 50% og opp til 80% i perioden 01.08.24 – 31.12.24, etter avtale.

Arbeidsoppgåver

  • Kartlegge aktivitet og tilbod i kommunen
  • Koordinere arbeidet med samskaping internt opp mot tilskotsordningar
  • Samhandle med frivillige lag og organisasjonar
  • Delta i utviklingsprosessar m.a. utarbeiding av kommunal frivilligpolitikk

Kvalifikasjonar

  • 3-årig utdanning på høgskulenivå, gjerne innanfor kultur- eller sosialfag
  • Erfaring frå arbeidsfeltet kan erstatte formell utdanning
  • Utdanning innan, eller erfaring med ungdomsarbeid og/eller frivillige organisasjonar er ein fordel
  • Erfaring med kartleggingsarbeid, søknadsskriving og saksbehandling er ein fordel
  • God skriftleg framstillingsevne både skriftleg og munnleg. Administrasjonsspråket er nynorsk
  • Digital kompetanse, forstå digitale samhandlingsverktøy
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • Evne til å jobbe sjølvstendig og målretta
  • Gode samarbeids- og gjennomføringsevner
  • Gode kommunikasjonsevner med evne til å skape gode relasjonar og engasjement
  • Løysingsorientert, effektiv og initiativrik

Personlege eigenskapar vil verte vektlagde.

Vi tilbyr

Variert og spennande arbeid i eit positivt miljø
Tilsetting etter gjeldande lover, tariffavtaler og reglement
Løn etter tariff
Gode pensjonsvilkår i KLP

Kontaktinformasjon

Ingrid Heieren Sølvberg , Avdelingsleiar kultur , +47 95826237

Arbeidsstad

Tonningsgata 4

6783 Stryn

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stryn Kommune



Referansenr.: 4818255298

Stillingsprosent: 80%

Engasjement

Startdato: 01.08.2024

Sluttdato: 31.12.2024

Søknadsfrist: 26.06.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Tonningsgata 4, 6783 Stryn
Stillingsfunksjon
Koordinering, Kontor og administrasjon, Annet
FINN-kode
356913376
Sist endret
13. juni 2024 06:14