Er du assistent eller helsefagarbeidar og engasjert i eldreomsorg?   

Arbeidsgiver
Osterøy kommune
Stillingstittel
Me søkjer assistentar og helsefagarbeidarar til helgestillingar ved Osterøytunet
Frist
31.12.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Om stillinga

Osterøytunet er kommunen sin sjukeheim og ligg på Hauge. Sjukeheimen har 65 plassar fordelt på tre avdelingar, med tre-fire grupper i kvar avdeling. Kvar gruppe har 9-11 pasientar. Me har eige kjøkken og eigen lege. Me søkjer assistentar og helsefagarbeidarar til helgestillingar på alle avdelingane.

På avdeling for pasientar med demenssjukdom er det ledig helgestilling 21,6% kvar 3. helg. I tillegg stillingar kvar 2. og 3. helg i størrelser frå 15,5 - 20,4%

På somatsk langtidsavdeling er det ledig helgstilling hver 3.helg, hver 4.helg med langvakter, hver 2. helg med dagvakter (lørdag og søndag) og hver 4. helg med dagvakter (lørdag og søndag). Stilligstørelse er frå 9,9 - 24.30%

På somatisk korttidsavdeling er det ledig vikariat i 17,37%, og ein fast stilling på 14,08%. Begge er kvar 3 helg.

Før gjerne opp i søknadsteksten kva for stilling/ avdeling du er interessert i.

Me har starta prosjektet "Tid for handling", der me ser på oppgåvefordeling ved sjukeheimen ut frå kompetanse og har nyleg starta med sjukepleiarteam. Som assistent har du ei viktig rolle i å skape trygge og gode rammer for bebuarane våre og dagleg drift av gruppa.


Kven søkjer vi etter?

Me søkjer etter deg som trives i lag med eldre! Du som er engasjert, jobbar sjølvstendig og samtidig har gode samarbeidsevne. Du må like å ha ansvar, men bør også like å spele kollegaene dine gode. Du bør evne å opprette god relasjon til både pasientar og dine kollegaer. Om du har eit godt humør og ei positiv innstilling er du langt på veg!

Høyres dette ut som deg - eller kanskje nokon du kjenner? Ikkje nøl med å ta kontakt med oss!


Vi tilbyr deg
  • Ei spanande og gjevande stilling
  • God opplæring
  • Du får samarbeide med fagleg dyktige og engasjerte kollegaer
  • Eit godt arbeidsmiljø med god blanding av fagleg kunnskap, humor og hjertevarme
  • Moglegheit for fagleg utvikling
  • Moglegheit til å påverke eigen arbeidplan i planlegginga av årsturnus (kvar haust)
  • Gode pensjons- og forsikringsvilkår

Arbeidsoppgåver
  • Heilskapeleg omsorg og pleie
  • Bistand og rettleiing ut frå pasienten sine behov
  • Målretta miljøarbeid.

Kvalifikasjonar
  • Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentera kunnskap i norsk skritfleg og muntleg gjennom bestått B2 test i norsk

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
10
Sted
Osterøytunet 3, 5281 Valestrandsfossen
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier
FINN-kode
356942206
Sist endret
13. aug. 2024 06:42