Fysioterapeut, 50% engasjement

Arbeidsgiver
Stryn Kommune
Stillingstittel
Fysioterapeut, 50% engasjement
Frist
28.06.2024
Ansettelsesform
Engasjement

Beskrivelse

Stryn kommune har ledig 50 % engasjement som fysioterapeut ved fysio- og ergoterapiavdelinga frå 19.08.24 med eit års varigheit.
Fysio- og ergoterapiavdelinga er lokalisert på Stryn Omsorgssenter, og yter tenester til brukare i heile kommunen. Avdelinga består av 2,8 årsverk fysioterapeut, kor 0,4 av desse blir nytta til frisklivssentralen, og 1 årsverk ergoterapeut. Stillinga har avd.leiar fysio- og ergoterapiavd. som næraste leiar, og avdelinga er strukturert i eining Helse saman med helsestasjon og legekontor.

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene vil vere knytta til vaksne og eldre, og døme er:

  • Oppfølging av brukare i tjenestens lokaler og heimebesøk
  • Førebyggande arbeid
  • Fallførebyggande treningsgruppar
  • Rehabilitering på institusjon
  • Kvardagsrehabilitering
  • Hjelpemiddelformidling
  • Tett tverrfagleg samarbeid med aktuelle instansar, og rettleiing av anna personell
  • Bidra til fagleg utvikling av tenestene

Kvalifikasjonar

  • Offentleg autorisasjon som fysioterapeut
  • Førerkort klasse B
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Erfaring frå arbeid i kommunehelsetenesta er ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Ansvarsbevisst og sjølvstendig
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Strukturert
  • Fagleg engasjert og motivert for utvikling
  • Personlege eigenskapar vil bli tillagt vekt

Vi tilbyr

Vi kan tilby spennande og krevjande arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø med kompetente kollegaer. Moglegheit for fagleg og personleg utvikling.

Kontaktinformasjon

Bente Østreim Ulvedal, Avdelingsleiar fysio- ergoterapiavdeling, 948 18 065

Mona Helen Kile, Einingsleiar helsetenester, 957 33 547

Arbeidsstad

Myrane 18

6783 Stryn

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stryn Kommune



Referansenr.: 4828194372

Stillingsprosent: 50%

Engasjement

Søknadsfrist: 28.06.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Myrane 18, 6783 Stryn
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier, Helsepersonell / Fysioterapeut
FINN-kode
356964472
Sist endret
13. juni 2024 09:01