Er du vår nye marknadssjef?

Arbeidsgiver
Ryfylke L/l
Stillingstittel
Markeds- og Kommunikasjonssjef
Frist
Snarest
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Avishuset Ryfylke søker nå etter ny marknadssjef med totalansvar for alle våre marknadsaktiviteter. Er det deg vi leiter etter?




Hva vi ser etter

Som marknadssjef har du svært gode kommunikasjonsevner. Du har evna til å være sjølvgåande, samt å være ein motivator for medarbeidarar rundt deg. Vi ønsker at vår nye marknadssjef er en humørfylt, utadvent og proaktiv leier som trivst med utfordringar og som sjølv blir motivert av gode resultat og måloppnåing.


I tråd med vår digitale satsing og utvikling, er det forventa at du har noko kunnskap om marknadsføring på digitale flater og i sosiale media. Som vår marknadssjef har du erfaring både med leiarskap og med sal og relasjonsbygging innan bedriftsmarknaden. Det er et fortrinn om du også har formell utdanning innan sal, leiarskap eller marknadsføring, men ikkje et absolutt krav. Sterke språklege formidlingsevner på norsk er imidlertid et krav. Ettersom det er avgrensa med kollektivtransport i vårt område, er det sterkt anbefalt å ha førarkort klasse B.




Arbeidsoppgaver

Som avisa Ryfylke sin nye marknadssjef vil du ha det overordna ansvaret for alle våre marknadsaktiviteter, inkludert salsstrategi, utarbeiding og gjennomføring av kortsiktige og langsiktige budsjettmål, samt planlegging og gjennomføring av kundemøte. Som leiar vil du ha ansvaret for sal av marknadsføring både på digitale flater og i vår papirutgåve som blir utgitt kvar torsdag.


Som marknadssjef vil du til dagleg jobbe frå eige kontor i fellesskap med resten av dei tilsette på avishuset. Du vil ha fri tilgang på vår bil, og det er forventa at du tilbringar mykje tid ute på kundemøter. Til dagleg vil du samarbeide med kollegaer innan sal og grafisk. Marknadssjef rapporterer til dagleg leiar.




Vi tilbyr

Avishuset Ryfylke har i dag fem tilsette innan leiing, redaksjon, kundemottak og grafiske tenester. Selskapet har en solid økonomisk ryggrad og held til i nyoppussa lokale midt i Sauda sentrum. Som marknadssjef vil du ha fast løn etter avtale, samt konkurransedyktige vilkår med tanke på gruppeforsikring og pensjonssparing. Avisa Ryfylke er ei AFP-bedrift, og alle våre tilsette er fagorganiserte. I det daglege verdset vi trivsel, humor og hyggelege lunsjsamtaler høgt.


Avisa Ryfylke er lokalavisa med indre Ryfylke som dekningsområde. Gjennom si 98 år lange historie har avishuset Ryfylke opparbeidd seg ein solid posisjon som leverandør av lokalt avisstoff, marknadsføring, grafiske tenester og trykksaker i vårt område. Avishuset har dei siste åra hatt sterkt fokus på digital utvikling og vekst, og kan vise til kraftig aukande lesartal på vår digitale plattform. Vi jobbar kvar dag hardt for å levere godt avisstoff, der menneska i vårt område står i sentrum.

Sektor
Privat
Sted
Rådhusgata 21, 4200 Sauda
Stillingsfunksjon
Markedsfører, Ledelse, Salg
FINN-kode
357042924
Sist endret
13. juni 2024 07:30