Inaktiv

Lærar i frisørfaget

Arbeidsgiver
Eid vidaregåande skule, Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Lærar Frisørfaget
Frist
26.06.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Eid vidaregåande skule ligg midt i Nordfjord i Eid sentrum. Vi er omlag 70 tilsette og nær 330 elevar. Godt samarbeid med Operahuset Nordfjord, Opera Nordfjord, Malakoff Rockfestival og lokalt næringsliv gjev rom for spennande skuledagar og unike læringsarenaer.


Skulen har desse utdanningstilboda:
Studieførebuande utdanningsprogram: Studiespesialisering. Påbygging til generell studiekompetanse.
Yrkesfaglege utdanningsprogram: Elektro og datateknologi. Teknologi- og industrifag. Frisør, blomar interiør og eksponeringsdesign.
I tillegg tilbyr vi fag og utdanningar via fylkeskommunen sin nettskule.
For meir informasjon besøk skulen si heimeside: eid.vgs.no

Arbeidsoppgåver

Undervisning innan fagområdet.

Planlegge og gjennomføre undervisning etter læreplanane.

Følge opp den enkelte elev sin utvikling.

Delta i lærarteam og pedagogisk utviklingsarbeid.

Tilrettelegge og samarbeide om eit godt og effektivt læringsmiljø.

Kvalifikasjonar

Formel utdanning innan relevant fagområde med fagbrev/svennebrev i frisørfaget. Det er ein fordel at du undervisingskompetanse på vg1 Frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign.

Oppdatert yrkeserfaring.

Evne til å motivere, inspirere og engasjere elever.

Pedagogisk utdanning.

Gode digitale ferdigheiter.

Gode norskkunnskaper og god språkleg framstillingsevne, både munnleg og skriftleg.

Personlege eigenskapar

Du må like ungdom, vere fleksibel og strukturert.

Eit positivt elevsyn, og evne til å sjå moglegheiter ved den enkelte elev.

Samarbeidsevne og teamjobbing er ein viktig del av jobben.

God på klasseleiing og god relasjonskompetanse.

Du har evne og vilje til å planlegge, gjennomføre og å evaluere undervisninga både sjølvstendig og i
samarbeid med andre.

Vi tilbyr

Trygt og godt arbeidsmiljø.
Løn etter offentleg regulativ i samsvar med utdanning og praksis.
Gode forsikrings- og pensjonsordningar.

Vilkår
Godkjend politiattest av nyare dato er eit vilkår for å verte tilsett i vidaregåande skule.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månadar.
Administrasjonsspråket i Vestland fylkeskommune er nynorsk.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort
sjølv om han har bede om å ikkje verte ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bede om slikt unntak
vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Kontaktinformasjon

Ove Lillestøl, Avdelingsleiar, 41530811, ove.jonny.lillestol@vlfk.no

Alf Reidar Myrstad, Rektor , 90962632, alf.reidar.myrstad@vlfk.no

Arbeidsstad

Sophus Lie-vegen 3

6770 Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune



Referansenr.: 4825827734

Stillingsprosent: 30%

Fast

Startdato: 01.08.2024

Søknadsfrist: 26.06.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Sophus Lie-vegen 3, 6770 Nordfjordeid
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
357048767
Sist endret
13. juni 2024 01:07