Inaktiv

Ungdomskoordinator 

Arbeidsgiver
Samnanger kommune
Stillingstittel
Ungdomskoordinator
Frist
28.06.2024
Ansettelsesform
Prosjekt

Beskrivelse

Prosjektstilling 60 % som ungdomskoordinator

Ungdommen i Samnanger er framtida vår!

Me treng ein vaksen som saman med ungdommen kan vera med å sikre at me har dei tilboda me treng i bygda for at kvar og ein skal kunne trivast. Dette er ein prosjektstilling med moglegheit for å gjerast fast etter endt prosjekt. Stillinga er organisert under eining for livsmeistring.


Arbeidsoppgåver
  • Som ungdomskoordinator er du del av "Kraftsenteret " i kommunen og vil samarbeide tett med skule, helsesjukepleiar, barnevern, NAV, rus- og psykiatritenesta, kommunepsykolog og andre
  • Du skal arbeide førebyggjande i høve utanforskap og fremje inkludering for alle
  • Du skal arbeide med rusførebygging
  • Du skal arbeide tett saman med ungdommen og deira familie
  • Du skal vere med å etablere og drifte gode tiltak i kommunen for ungdommen
  • Det vil vera noko arbeid på ettermiddag/kveld

Kvalifikasjonar

Krav

  • Relevant høgskuleutdanning/universitetsutdanning eller relevant fagarbeiderutdanning
  • Erfaring frå arbeid med ungdom
  • Førarkort klasse B

Ønskjer

  • Erfaring frå arbeid med ungdom på ulike arenaer
  • Erfaring frå arbeid med rus
  • Interesse og engasjement knytt til ungdom og deira kvardag

Personlege eigenskapar
  • Sjølvstendig, men samstundes ein lagspelar
  • Kreativ
  • Relasjonelt trygg

Me tilbyr
  • Ein spenande stilling med rom for dine tankar og ideer
  • Ein kommune som satsar på barn og unge
  • Ein kommune som har stort fokus på å arbeide saman på tvers av einingar
  • Eit fagleg miljø med utfordrande oppgåver, gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling og høve til å vera med å forme ein kommune i positiv utvikling og vekst
  • Lønn, offentleg pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gunstige pensjonsordningar, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Fleksible arbeidstidsordningar
  • Gode velferdsordningar

Arbeidstilhøve

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. All utanlandsk utdanning må vera NOKUT godkjent. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden.

Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP si pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt JobbNorge.


Sektor
Offentlig
Sted
Tyssevegen 217, 5650 Tysse
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Omsorg og sosialt arbeid, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
FINN-kode
357055658
Sist endret
13. juni 2024 01:30