Tannhelsesekretær

Arbeidsgiver
Førde tannklinikk, Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Tannhelsesekretær
Frist
05.08.2024

Beskrivelse

Vestland tannhelseteneste - Førde tannklinikk har ledig ei fast 100% stilling som tannhelsesekretær frå 1.september 2024.

Førde, som er knytepunktet i Sunnfjord kommune, er den største byen i gamle Sogn og Fjordane, og ligg ein tre timar køyretur nord for Bergen. Sentrum er omringa av nydelege naturområde med sin nærleik til både fjell og fjord. Det er nydelege langrennsløyper, flotte toppturmogelegheiter, nytt klatresenter og gode idrettsmiljø der volleyball står spesielt sterkt i byen. Førde er ein by med stor utvikling og har alt av urbane tilbod med restaurantar, kafear, butikkar og kjøpesenter. Det er også sjukehus i Førde.
Tannklinikken har 6 tannlegar, 3 tannpleiarar og 6 tannhelsesekretærar, og flytta i 2023 inn i nye moderne flotte lokaler. Tannklinikken har TOO-arbeid, narkose på sjukehuset og arbeid på Barnehuset, og det er tenkt at det skal vere spesialistar ved tannklinikken etter kvart. Det er eit godt arbeidsmiljø og gode mogelegheiter for fagleg utvikling.




Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene til tannhelsesekretæren er hovudsakleg å assistere tannlegen, vask og desinfisering/sterilisering, besvare telefon, sende timeavtalar, ta røntgenbilete av pasientar med meir. Det er ein variert og innhaldsrik arbeidskvardag.

Kvalifikasjonar

Søkjarar med autorisasjon som tannhelsesekretær og andre med interesse for fagfeltet er oppfordra til å søkje. Vi ønskjer å tilrettelegge for at søkjar utan autorisasjon skal kunne ta utdanninga som fører til autorisasjon som tannhelsesekretær innan 3 år frå tiltredingsdato. Søkjar må beherske norsk flytande skriftleg og muntleg.

Personlege eigenskapar

Vi søkjer etter ein sjølvstendig, ansvarsbevisst og initiativrik medarbeidar med gode kommunikasjonsevner.

Vi søkjer deg som:

  • Likar å jobbe med menneske
  • Arbeider sjølvstendig og meistrar travle dagar
  • Er positiv og serviceinnstilt
  • Har gode kommunikasjonsevner
  • Har gode samarbeidsevner
  • Bidreg til eit godt arbeidsmiljø på klinikken

Det vert vektlagt at søkjar er personleg eigna til stillinga.

Vi tilbyr

- ei spennande og variert stilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
- gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling
- godt samarbeid, tett kontakt, dialog og oppfølging av klinikkleiar
- løn etter tariff
- fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode offentlege forsikrings- og pensjonsordningar

Andre opplysningar

Den som vert tilsett må leggje fram politiattest. Alle nytilsetjingar i Vestland fylkeskommune vert gjort med ei prøvetid på 6 mnd.
Vi gjer merksam på at i følge offentleglova §25, 2.ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du alltid bli varsla før søkjarliste vert offentleggjort.

Kontaktinformasjon

Elisabet Skrede, områdeleiar tannhelse, 57638010

Arbeidsstad

Langebruvegen 76

6800 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune



Referansenr.: 4828401310

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 05.08.2024


Sted
Langebruvegen 76, 6800 Førde
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Tannhelse, Annet
FINN-kode
357056209
Sist endret
25. juni 2024 07:42