Inaktiv

Sjukepleiar

Arbeidsgiver
Vaksdal kommune
Stillingstittel
Sjukepleiar
Frist
21.07.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Om stillinga

Vaksdal kommune har ledig fast 100% stilling til sjukepleiar for tida i 2. etasje på Ressurssenteret for personar med demens. Stillinga har årsturnus og arbeid kvar 3. helg. Vi arbeidar mot gode, tilrettelagde og helsefremjande turnusar. Vaksdal er langt framme på velferdsteknologi og satsar stort på å bygga opp eit godt fagmiljø. Vi har personsentert omsorg i fokus og nyttar musikkbasert miljøarbeid og sansestimulering. Sommaren 2024 står eit nytt og topp moderne helsehus klart til innflytting. Her finn ein stor innvendig og utvendig sansehage med blant anna appelsintrer og kaffeplanter.


Krav til kompetanse
  • Autorisasjon som sjukepleiar
  • Vernepleiarkompetanse kan bli vurdert
  • Godkjend politiattest må leggast fram ved tilsetjing
  • Ynskjeleg med erfaring og kompetanse frå demensomsorg
  • God muntleg og skriftleg framstillingsevne

Personlege eigenskapar
  • Du har god samarbeidsevne og bidreg positivt til arbeidsmiljøet
  • Du likar å arbeide i team og ha pasientane i fokus. Vi arbeidar i primærteam
  • Du er løysingsorientert, fleksibel og beslutningsdyktig
  • Du er tålmodig og brenn for god demensomsorg
  • Du må kunne prioritere arbeidsoppgaver ved samtidighetskonflikter
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt

Vaksdal kommune kan tilby
  • Kompetente og engasjerte kollegaer
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Individuell oppfølging
  • Eit godt fagmiljø i vekst. Moglegheiter for støtte til etter- og vidareutdanning
  • Me gjev uttelling i lønn for relevant etter- og vidareutdanning
  • Løn i tråd med tariffavtaleverk
  • Fjord og fjell-kommune med mange flotte turmål

Sektor
Offentlig
Sted
Jamnevegen 11, 5725 Vaksdal
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
FINN-kode
357057995
Sist endret
13. juni 2024 01:31