Vikarar i Pleie- og omsorg

Arbeidsgiver
Eining Pleie- og omsorg, Sveio kommune
Stillingstittel
Vikarar i Pleie- og omsorg
Frist
31.07.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Sveio Omsorgssenter og Heimetenesta søkjer etter fleire på laget, om du er student og ønsker helgejobb, eller du har moglegheit til å jobbe som tilkallingsvikar gjennom heile veka er du velkommen som søkjer hos oss.

Sveio Kommune har ca. 5800 innbyggarar og ligg tett opp mot Stord i nord og Haugesund i sør. På Sveio omsorgssenter er det 3 avdelingar med til saman 41 plassar. Omsorgssenteret er eit moderne bygg med flott utsikt over Sveio sentrum.

Heimetenesta har kontorer i søre del bygget. Heimetenesta yter tenester frå Tittelsnes i nord til fylkesgrensa i sør.

Eininga er prega av eit godt miljø, samarbeid, høgt fagleg fokus og mykje godt humør. Me er ein samla arbeidsgruppe som brenn for å yte faglege gode tenester til våre brukarar. Me tar godt i mot nytilsette, og du skal få ei god opplæring. Me er opptatt av at du trivs og me vil jobbe for at du skal oppleva meistring i arbeidskvardagen. I heimetenesta gir vi personsentrert omsorg slik at Sveio sine innbyggarar kan bu lengst mogleg i eigen heim.

Me vil ta inn vikarar fortløpande.



Arbeidsoppgåver

· Stell og pleie

· Måltidssituasjonar

· Dokumentasjon og rapportering

· Andre førefallande oppgåver

· Sjølvstendige oppgåver, men og tverrfagleg samarbeid.

· Bidra til et positivt arbeidsmiljø.

· Bygge gode og hensiktsmessige relasjonar til pasientar og pårørande.

Personlege eigenskapar

· Går på helsefag, har helsefagleg bakgrunn. Andre kan og søkje.

· Være fylt 18 år.

· Er fleksibel og løysingsorientert.

· Initiativrik og trivs med varierte arbeids oppgåver.

· Har evne til å sette fag, kvalitet og service i fokus.

· Ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø.

· Har førarkort klasse B

· Norsk er arbeidsspråk i Sveio kommune. Du snakkar, leser og skriv så godt norsk at du både kan samarbeide bra med andre og utføre arbeidsoppgåvene dine sjølvstendig.

Vi tilbyr

· Dyktige kollegaer i godt arbeidsmiljø med takhøgde arbeidsglede og humor.

· Gode høve for fagleg og personleg utvikling.

· God offentleg pensjonsordning

· Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.

· Du kan fra din mobil søke på vakter du ønsker deg, eller legge deg tilgjengeleg eller utilgjengeleg i periodar så kontaktar vi deg.

· Opplæringskurs i Læringsplatformen GLUP.

Kontaktinformasjon

Espen Skråmestø, Avdelingsleiar Administrasjon, 99502629, Espen.Skramesto@sveio.kommune.no

Camilla Selbak, Einingsleiar Pleie- og omsorg, 95154037, camilla.selbak@sveio.kommune.no

Arbeidsstad

Løkjavegen 35

5550 Sveio

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sveio kommune



Referansenr.: 4828515336

Stillingsprosent: 0%

Vikar

Søknadsfrist: 31.07.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Løkjavegen 35, 5550 Sveio
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
FINN-kode
357066181
Sist endret
14. juni 2024 05:48