Inaktiv

Spesialist i allmennmedisin / ALIS

Arbeidsgiver
Aurland kommune
Stillingstittel
Spesialist i allmennmedisin / ALIS
Frist
27.06.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Om stillinga

Aurland kommune har ledig 75 % stilling som fastlege ved etablert legekontor. Me kan tilby tilpassa arbeidstidsordning, der lege har vekselvise arbeidsbolkar med to veker på, og to veker arbeidsfri, og ubunden administrasjonstid. Anna intervall kan også vurderast. Me ynskjer velkomen nyutdanna lege under spesialisering (ALIS) eller spesialist i allmennmedisin.

Stillinga er knytt til Aurland legekontor som i dag har tre fastlegeheimlar og ei LIS1-stilling.

Kontoret er godt bemanna med to erfarne helsesekretærar og ein sjukepleiarar. Me nyttar journalsystemet Infodoc.

Legekontoret er lokalisert i Fjordsenteret, og ligg fint til ved Aurlandsfjorden.


Arbeids- og ansvarsområde
  • Listetak etter avtale
  • Det er knytta allmennmedisinske offentlege oppgåver til heimelen, sjukeheim eller helsestasjon
  • Deltaking i interkommunalt 12 - delt legevakt for kommunane Aurland, Årdal og Lærdal (totalt ca 9500 innbyggjarar), samlokalisert med legevaktsentral og KAD på Lærdal sjukehus. Vaktordning med fast løn etter lokal avtale og fri etter vakt.

Me tilbyr
  • ALIS vil få tildelt rettleiar, og me vil saman utarbeide og fylge opp utdanningsplanen din. Rettleiing og supervisjon vil skje ved Aurland legekontor
  • Fri med løn til kurs inntil 4 veker pr. år. Kommunen dekker kursutgifter som ikkje blir dekka av utdanningsfond II
  • Fokus på fagutvikling, med internundervisning kvar veke
  • Kultur for ad-hoc rådgiving på heile legekontoret
  • Samlokalisering og godt samarbeid med andre kommunale helsetenester
  • Tilbod om tilpassa arbeidstidsordning
  • Ei utfordrande stilling med moglegheit for utvikling og fagleg påverknad
  • Bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter avtale
  • Gratis inngang til treningsrom i Aurlandshallen
  • Gratis inngang til symjehallen
  • Hjelp til å skaffe bustad
  • Hjelp til å skaffe jobb til partnar

Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her.


Kvalifikasjonar
  • Offentleg godkjend lege med norsk autorisasjon
  • Akuttmedisinsk kompetanse for legevakt
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Førarkort klasse B, og disponere eigen bil

Løns- og tilsetjingsvilkår
  • tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovver, reglement og tariffavtale.
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • godkjend politiattest jamfør helsepersonellova før byrjing i stillinga

Krav til språk

Du bør kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.


Generell informasjon

Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkarlister til ledige stillingar. Søkarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.

Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere.

Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.


Sektor
Offentlig
Sted
Onstadvegen 25, 5745 Aurland
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Lege
FINN-kode
357092497
Sist endret
14. juni 2024 06:18