Helsesekretær

Arbeidsgiver
Kirurgisk klinikk/ Poliklinikk Gastrokirurgi, Helse Bergen
Stillingstittel
Helsesekretær
Frist
11.08.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Merkantil kontorfagleg teneste ved kirurgisk klinikk dekker fleire kirurgiske fagfelt ved følgande avdelingar: gastrokirurgi, karkirurgi, plastikkirurgi, bryst- og endokrinkirurgi. Stillingar som helsesekretær inneheld varierte oppgåver. Dei tilsette roterer mellom fleire arbeidsstasjonar som poliklinikk, sengepost og inntakskontor. Opplæringa blir gitt i dei fagfelta ein vil komme til å arbeide med.

Avdeling for Gastrokirurgi har ledig 100% vikariat som helsesekretær, eventuelt medisinsk sekretær med erfaring. Oppstart etter avtale. Stillinga vil vere ved poliklinikk, sengepost og inntakskontor. Pr i dag har avdelinga 10 sekretærar som er tilsett i ulike stillingsprosentar.

Vi søker deg som er engasjert og motivert til å gjøre det beste for våre pasientar, samt opptatt av god pasientflyt.



Arbeidsoppgåver

  • Registrering av pasientdata i ulike datasystem
  • Timebestilling, innkalling og koordinering av undersøkingar for pasientar
  • Telefonteneste
  • Økonomisk oppgjer
  • Rapportar
  • Diverse bestillingar: tolk, transport, mat til pasientar

Kvalifikasjonar

  • Vi søker etter ein person med utdanning som helsesekretær, eventuelt medisinsk sekretær. Helsesekretær må ha norsk autorisasjon
  • Erfaring frå liknande arbeid er ein fordel
  • Det er ønskeleg med god IKT-kunnskap
  • Sekretærane arbeider med pasientdokumentasjon, difor er det viktig at du meistrar norsk og engelsk både munnleg og skriftleg
  • Du må ha god evne til forståing og omstilling

Personlege eigenskapar

  • Arbeidsam og trivast i eit aktiv og travelt miljø
  • Trivast med arbeid ved ulike arbeidsstasjonar
  • Fleksibel
  • Like varierte utfordringar
  • Bidra til eit godt arbeidmiljø
  • Strukturert
  • Ansvarsbevisst
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Like logistikk og administrative oppgåver
  • Endringsorientert

Vi tilbyr

  • Fagleg og personleg utvikling
  • Høgt fagleg nivå
  • Triveleg og aktivt arbeidsmiljø
  • Introduksjonskurs
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)

Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Anita Anfindsen, Seksjonsleiar MKT Gastrokirurgi, 55 97 09 40, anita.anfindsen@helse-bergen.no

Petra Dahl, Fagansvarleg for MKT Kirurgisk klinikk, 55 97 28 04

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen



Referansenr.: 4828113097

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Startdato: 05.08.2024

Sluttdato: 04.08.2025

Søknadsfrist: 11.08.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Helsesekretær, Helsepersonell, Kontor og administrasjon
FINN-kode
357160924
Sist endret
18. juli 2024 07:19