Inaktiv

Avsnittsleiar - Menneskehandel

Arbeidsgiver
FEE, Seksjon for etterforsking av organisert kriminalitet, Avsnitt for etterfors
Stillingstittel
Politioverbetjent med funksjon som avsnittsleiar
Frist
18.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

I Vest politidistrikt, for tida ved Felles eining for etterretning og etterforsking, Seksjon for etterforskning av organisert kriminaliet, Avsnitt for menneskehandel er det ledig ei fast stilling som politioverbetjent (stillingskode 0287) med funksjon som avsnittsleiar. Stillinga er stadsplassert i Bergen. Ein tek atterhald om at det kan skje endring med omtanke på omstilling.

Avsnittet etterforskar den grenseoverskridande kriminaliteten som hallikverksemd og menneskehandel. Det drives både proaktiv og reaktiv etterforsking i samhandling med andre politidistrikt og internasjonalt gjennom nasjonale einingar. Straffesakane blir sjeldan anmeldt av offera og politiet må sjølv initiere dei gjennom aktiv bruk av dei metodane som politiet kan ta i bruk. Etterforsking av den grenseoverskridande kriminaliteten krev tidvis høgt tempo og evne å ta tidskritiske avgjerder.

Som avsnittsleiar vil du få moglegheit til å leie dedikerte og dyktige etterforskarar i deira kvardag. Vi ser etter deg som setter retning, skaper oppslutning om mål og gjennomfører nødvendige endringar. Du må ha evne til å motivere og utvikle medarbeidarane og samtidig kunne samhandle godt med både med interne og eksterne samarbeidspartnarar.

Ein tek atterhald om at det kan skje endring med omtanke på omstilling.



Arbeidsoppgåver

  • Leia og utvikle medarbeidarane ved avsnittet i tråd med gjeldane føringar, samt delta i leiargruppa ved seksjonen
  • Som leiar av avsnittet skal du utøva dagleg leiing. Du skal rettleia og følgje opp dine tilsette slik at dei har kunnskap, ferdigheiter og haldningar som gjer at dei løyser oppgåvene ved seksjonen/avsnittet på ein god måte
  • Personal-, resultat-, og HMS-ansvar ved eige avsnitt
  • Vurdera og prioritera saker innan avsnittet sitt ansvarsområde
  • Sørgja for effektiv og tydeleg kommunikasjon med medarbeidarar, samarbeidspartnarar, innbyggjarar, andre avsnitt i seksjonen og andre
  • Halde seg oppdatert på den faglege utviklinga innan etterforsking og ha fenomenkunnskap innan fagfeltet
  • Etterforskingsleiing på portefølje og i enkeltsaker når det er naudsynt, og leie den politioperative delen av aksjonar i samarbeid med andre etatar eller eigen avdeling
  • Bidra til god kvalitet og resultatopppnåing på eige avsnitt
  • Medverke i etterforskinga ved avsnittet og ta del i den politioperative tenesten ved avsnittet ved behov
  • Andre oppgåver pålagt av overordna

Kvalifikasjonar

Nødvendig

  • Vitnemål fra Politihøgskulen/Politiskole
  • Brei politifagleg erfaring
  • Kunnskap om HMS
  • Kunnskap om aktuelle lov- og avtaleverk
  • God resultatoppnåing i tidlegare stillingar
  • Erfaring frå etterforsking og etterforskingsleiing
  • God kjennskap til oppgåvene og utfordringane i politiet
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • AOP-godkjent eller kvalifisert og villig til å bli godkjent
  • Du må ha plettfri vandel og vera skikka for teneste i politiet og politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved ev. tilsetjing jfr. politilova § 18 og politiregisterlova § 41 Den som ansettes må kunne sikkerhetsklareres for HEMMELEG

Ønskeleg

  • Utdanning innan organisasjon og leiing helst på høgskule/universitetsnivå og/eller leiarerfaring blir vektlagt
  • Erfaring frå etterforsking med bruk av skjulte metoder er ein fordel

    Personlege eigenskapar

    • Resultat- og løysingsorientert med god beslutnings- og gjennomføringsevne
    • Gode leiaregenskaper, med evne til å vise god personalomsorg og motivere, støtte og utvikle medarbeidarane
    • Evne å takle høgt arbeidspress og samstundes prioritere utvikling og kompetanseheving på avsnittet
    • Evne til å skape gode relasjonar, kommunisere godt og samhandle både internt og eksternt
    • Evne til å handle i eit strategisk og helhetlig perspektiv
    • Samfunnsorientert og med forståing for eininga si rolle i politiets samfunnsoppdrag

    Som medarbeidar i politiet er du modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Som leiar må du i tillegg kunne leie i samsvar med vår medarbeiderplattform.

    Me tilbyr

    • Ein utfordrande og spanande arbeidsplass for deg som vil vere med å forme politiet for framtida
    • Stillinga blir lønna som politioverbetjent med funksjon som avsnittsleiar (stillingskode 0287), frå ltr 77/kr 796.600,- til ltr 79/ kr 845.900,- brutto per år
    • Et solid fagmiljø med gode utviklingsmuligheter i et arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
    • Medlemskap i Statens pensjonskasse, med blant annet gode pensjons- og forsikringsordninger (www.spk.no)

    Generelt

    Politiet meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Me treng medarbeidarar med
    ulike kompetansar, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til endå betre
    oppgåveløysing. Dersom det er mogleg vil me leggja til rette for medarbeidarar
    som har behov for det.

    Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller
    innvandrarbakgrunn, skal me kalla minst inn éin søkjar i kvar av desse gruppene
    til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seia
    positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylla visse krav.

    For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber me deg om å registrera utfyllande CV i
    rekrutteringsportalen vår og lasta opp relevante attestar og vitnemål. Dersom
    du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppmodar me
    deg til å kryssa av for dette i rekrutteringsportalen vår. Avkryssingane dannar
    grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i
    årsrapportane sine.

    Du kan lesa meir på arbeidsgivarportalen https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling.

    Opplysningar om deg kan bli offentleggjort sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på
    søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla
    om dette.

    Saksn.nr: 24/65566

    Kontaktinformasjon

    Kjetil Dybsland, Fungerende seksjonsleiar, 95858915

    Spørsmål om CV og søknad, Kontakt Seksjon for HR, 207.hr@politiet.no

    Arbeidssted

    Allehelgens gate 6

    5016 Bergen

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgiver: Vest politidistrikt



    Referansenr.: 4782903985

    Stillingsprosent: 100%

    Fast

    Søknadsfrist: 18.08.2024


    Sektor
    Offentlig
    Sted
    Allehelgens gate 6, 5016 Bergen
    Stillingsfunksjon
    Ledelse, Annet, Politi
    FINN-kode
    357183791
    Sist endret
    14. juni 2024 08:55