Avsnittsleiar - Miljøkriminalitet

Arbeidsgiver
FEE-Seksjon for etterforsking av økonomi, miljø og arbeidskriminalitet,Vest poli
Stillingstittel
Avsnittsleder Miljøkriminalitet
Frist
18.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

I Vest politidistrikt, for tida ved Felles eining for etterretning og etterforsking, Seksjon for etterforsking av økonomi-, miljø-, og arbeidsmarknadskriminalitet, Avsnitt for etterforsking av miljøkriminalitet, er det ledig ei fast stilling som politioverbetjent med funksjon som avsnittsleiar.

SØMA (seksjon for etterforsking av økonomi, miljø- og arbeidsmarknadskriminalitet) inneheld tre avsnitt. Avsnitt for etterforsking av miljøkriminalitet har ansvar for eit vidt spekter av arbeidsoppgåver. Avsnittet etterforsker og førebygger alle typer saker innan indre og ytre miljø samt store ulykker. Avsnittet har også ansvar for kriminalitet innan dyrevelferd.

Søkjarar må trivast i utfordrande naturomgjevnader. Ein må rekne med noko reiseverksemd i heile distriktet.

Ein tek atterhald om at det kan skje endring med omtanke på omstilling.



Arbeidsoppgåver

  • Leia og utvikle medarbeidarane ved avsnittet i tråd med gjeldane føringar, samt delta i leiargruppa ved seksjonen
  • Personal-, resultat-, og HMS-ansvar ved eige avsnitt
  • Vurdera og prioritera saker innan avsnittet sitt ansvarsområde
  • Planlegge og gjennomføre etterforsking og førebyggande aktivitetar
  • Planlegge og leie den daglege tenesta
  • Vidareutvikle effektive arbeidsmetodar for handsaming av miljøkriminalitet
  • Sørgja for effektiv og tydeleg kommunikasjon med medarbeidarar, samarbeidspartnarar, innbyggjarar, andre avsnitt i seksjonen og andre etterforskingsavsnitt i driftseininga
  • Som leiar av avsnittet skal du utøve dagleg leiing. Du skal rettleia og følgja opp dine tilsette slik at dei har kunnskap, ferdigheiter og haldningar som gjør at dei løysar oppgåvene ved seksjonen/avsnittet på ein god måte
  • Medverke til at fagområdet inngår i politiet sitt strategiske arbeid og verksemdsplanleggjing
  • Sørgja for at politiet si hovedstrategi som er forebyggande tilnærming vert fulgt opp
  • Medverke i etterforskinga ved avsnittet og ta del i den politioperative tenesten ved avsnittet ved behov
  • Medverke i etterforskinga ved avsnittet og ta del i den politioperative tenesten ved avsnittet ved behov
  • Andre oppgåver pålagt av overordna

Kvalifikasjonar

Nødvendige

  • Vitnemål frå Politiskolen/Politihøgskolen
  • Bred politifaglig erfaring, helst også innan etterforskingsleiing
  • Kunne ta del i den politioperative tjenesten ved avsnittet, herunder oppsynstjeneste
  • Kunnskap om HMS
  • God resultatoppnåing i tidlegare stillingar
  • God kjennskap til oppgåvene og utfordringane i politiet

Ønskeleg

  • Utdanning innan organisasjon og leiing helst på høgskule/universitetsnivå og/eller leiarerfaring blir vektlagt
  • Kunnskap om personal- og økonomistyring er ein fordel
  • Kunnskap om offentleg forvaltning og statleg avtaleverk er ein fordel
  • Kjennskap til etterforskning av miljøkrim og oppsynstjeneste er ein fordel
  • Førerkort klasse BE og S er ein fordel

Du må ha plettfri vandel og vera skikka for teneste i politiet og politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved ev. tilsetjing jfr. politilova § 18 og politiregisterlova § 41

Personlege eigenskapar

  • Evne til å handle i eit strategisk og helhetlig perspektiv
  • Gode leiaregenskaper, med evne til å vise god personalomsorg og motivere, støtte og utvikle medarbeidarane
  • Evne til å skape gode relasjonar, kommunisere godt og samhandle både internt og eksternt
  • Resultat- og løysingsorientert med god beslutnings- og gjennomføringsevne
  • Sette retning, drive endring og bidra til god verksemdsutvikling og kompetanseheving innan fagområdet
  • Samfunnsorientert og med forståing for eininga si rolle i politiets samfunnsoppdrag

Som medarbeidar i politiet har du høgt etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vera modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lesa meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattform her: https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/

Me tilbyr

  • Ein utfordrande og spanande arbeidsplass for deg som vil vere med å forme politiet for framtida
  • Stillinga blir lønna som politioverbetjent med funksjon som avsnittsleiar (stillingskode 0287), frå ltr 77/kr 796.600,- til ltr 79/ kr 845.900,- brutto per år
  • Et solid fagmiljø med gode utviklingsmuligheter i et arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar (www.spk.no)

Generelt

Politiet meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Me treng medarbeidarar med ulike kompetansar, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Dersom det er mogleg vil me leggja til rette for medarbeidarar som har behov for det.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal me kalla minst inn éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seia positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylla visse krav.

For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber me deg om å registrera utfyllande CV i rekrutteringsportalen vår og lasta opp relevante attestar og vitnemål. Dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppmodar me deg til å kryssa av for dette i rekrutteringsportalen vår. Avkryssingane dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.

Du kan lesa meir på arbeidsgivarportalen https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling.

Opplysningar om deg kan bli offentleggjort sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.

Saksnr:24/14817

Kontaktinformasjon

Frode Meling Karlsen, Seksjonsleiar, 996 08 089

Spørsmål om CV og søknad, Kontakt Seksjon for HR, 207.hr@politiet.no

Arbeidssted

Allehelgens gate 6

5016 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Vest politidistrikt



Referansenr.: 4747927418

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 18.08.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Allehelgens gate 6, 5016 Bergen
Stillingsfunksjon
Ledelse, Annet, Rådgivning
FINN-kode
357184849
Sist endret
16. juli 2024 06:45