Sjukepleiarar på Øystre Slidre helsetun

Arbeidsgiver
Øystre Slidre kommune
Stillingstittel
Sjukepleiarar på Øystre Slidre helsetun
Frist
05.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi søkjer dyktige sjukepleiarar til stillingar i Førebygging og meistring (heimeteneste/bustad/korttid) og i Institusjon.

Vi held til i nye og moderne lokale på Øystre Slidre helsetun. . Lokala ligg sentralt til på Heggenes, med flott utsikt over Heggefjorden og mot Jotunheimen. Vi ønskjer å vere ein naturleg del av nærmiljøet, og det er mange aktivitetar på Helsetunet. Velferdsteknologi er eit satsingsområde

Institusjonstenestene består av 2 langtidsavdelingar, institusjonskjøken samt natt. Førebygging og meistring består av heimeteneste, korttid/avlastning og omsorgsbustader. Vi jobbar kvar dag for å gje gode tenester til alle brukarane våre.

Følgjande stillingar er ledige:

På institusjon:

  • Sjukepleier: 86,38 % på avdeling Juvike (skjerma avdeling)
  • Sjukepleier: 90,08 % Midthøgde
  • Sjukepleier: 71,30% Midthøgde
  • Sjukepleier: 75,82% Natt
  • Sjukepleier: 26,76 % Natt

Heimeteneste/bustad:

  • Sjukepleier:100%
  • Sjukepleier: 85,09
  • Sjukepleier: 80,05
  • Sjukepleier: 80,05



Arbeidsoppgåver

  • Gje tenester til brukarar etter enkeltvedtak og etter gjeldande styringsdokument
  • Varierte arbeidsoppgåver som består av å gje helsehjelp og kvardagsrehabilitering
  • Dokumentasjon i henhald til gjeldande lover, forskrifter og retningslinjer
  • Samarbeid med andre yrkesgrupper innan helse og omsorg

Kvalifikasjonar

  • Utdanning og autorisasjon som sjukepleiar
  • Studentar kan bli vurdert til stillingane
  • Til stilling på avdeling Juvike er det ønskjeleg med erfaring frå, ellr utdanning innan faget demens
  • Gode norskkunnskapar
  • Sertifikat i klasse B til stillingar i heimetenesta
  • Det er krav om politiattest etter helse- og omsorgstjenesteloven §5-4

Personlege eigenskapar

  • Positiv, sjølvstendig og gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Fleksibel, tydeleg og løysningsorientert
  • Engasjert og tek initiativ til forbedringsprosessar
  • Gode haldninger til brukarar og ser verdien av nytekning innan kvardagsrehabilitering og velferdsteknologi
  • Personleg eignaheit vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Tilleggsansiennitet for sjukepleiarar
  • Nødvendig opplæring og rettleiing
  • Kompetanseheving
  • Opplæring i fagsystem
  • Engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar
  • Gode forsikrings- og pensjonsvilkår i KLP

Kontaktinformasjon

Gina Kvale Myreng, Tenesteleiar førebygging og meistring, 90525192

Ingrid Nordli, Tenesteleiar institusjonstenester, +47 95940309

Arbeidsstad

Bygdinvegen 1989

2940 HEGGENES

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune



Referansenr.: 4827899658

Stillingsprosent: 100, 86,38, 90,08, 71,3, 75,82, 26,76, 85,09, 80,05%

Fast

Søknadsfrist: 05.08.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
9
Sted
Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
357189427
Sist endret
26. juni 2024 12:52