DAGLEG LEIAR

Arbeidsgiver
Todalsfjordprosjektet AS
Stillingstittel
DAGLEG LEIAR
Frist
16.08.2024

Beskrivelse

Todalsfjordprosjektet sin avtale med dagleg leiar går ut i oktober, og selskapet lyser no ut ein ny avtaleperiode med oppstart 1.11.2024.


Todalsfjordprosjektet AS sitt formål er, i følgje selskapets vedtekter, å vere:


- ein pådrivar for realisering av ein ferjefri fjordkryssing, som vedtatt av vegeigar, mellom Surnadal og Sunndal kommunar


- utarbeide gode finansieringsløysingar


- bidra til eigarskap og god kunnskap om prosjektets framdrift og effektar blant alle interessenter, lokalt og regionalt.


Dagleg leiar har ansvar for arbeid med finansieringsmodellar for gjennomføring av prosjektet, inkludert aktivt arbeid for medfinansiering frå ulike aktørar, samt pådrivararbeid, samhandling og marknadsføring, lokalt og regionalt.


Mengde med arbeid i stillinga vil variere og tilsvarar ei stilling i ein storleik på om lag 25-50 %. Selskapet ser for seg kjøp av tenester, kor ein går inn i ein avtale over to år, med opsjon på eitt år.



Ønska kvalifikasjonar:


Evne til å sette seg inn i komplekse saker, god munnleg og skriftleg formuleringsevne, norsk som arbeidsspråk. Kunnskap innan økonomi og offentleg forvaltning. God evne til å organisere og koordinere oppgåvene, samt å vere fleksibel i forhold til variabel arbeidsmengde. God til å fremme dialog og bygge relasjonar. Må ha god lokalkunnskap og kjenne kommunane og næringslivet godt, samt ha kjennskap til politiske prosessar.


Det er ønskelig med kontorstad i Surnadal eller Sunndal.



SAMAN OM EIN DØGNOPEN REGION


Det er mange år sidan arbeidet med ferjefritt samband mellom nabokommunane Sunndal og Surnadal starta. Allereie i 1939 vart dei første planane om bygging av veg rundt Todalsfjorden lagt fram.


No er arbeidet med fjordkryssinga inne i ein fase med reguleringsarbeid av vedtatt alternativ med tunell frå Ålvundfossen til Rakaneset, bru frå Rakaneset over Todalsfjorden til Svinvik og ny veg forbi Nordvik.



PROSJEKTET ER VIKTIG FOR:


Å oppnå ein døgnopen region gjennom ein ferjefri, indre korridor mellom Møre og Romsdal og Trøndelag.


Todalsfjordprosjektet handlar om å gjere ein større region tilgjengeleg heile døgnet. Det handlar om å gi større moglegheiter for utvikling av næringsliv, samfunnsliv og kulturliv, gjennom utvida vekst- og utviklingsvilkår, eit breiare grunnlag for rekruttering av arbeidskraft, kundegrunnlag og økt økonomisk gevinst. Og det handlar sist, men ikkje minst, om å gjere det lettare og meir interessant å busette seg her.


Ønsker du meir informasjon om stillinga?


Ta kontakt med styreleiar Tove-Lise Torve, mob. 941 65 175
eller nestleiar Per Ove Nydal, mob. 416 99 916.


Søknad og/eller tilbod sendast tltorve@gmail.com innan 16. august 2024.

Sektor
Privat
Sted
6650 Surnadal
Stillingsfunksjon
Ledelse, Forretningsutvikling og strategi, Prosjektledelse
FINN-kode
357189540
Sist endret
14. juni 2024 09:05