Inaktiv

Sjukepleiar, fast stilling i heimebasert omsorg

Arbeidsgiver
Valderøy omsorgsdistrikt, Giske kommune
Stillingstittel
Sjukepleiar, fast stilling i heimebasert omsorg
Frist
15.08.2024

Beskrivelse

Vi har ledig fast 80 % stilling som sjukepleiar i heimebasert omsorg frå snarast. Om lag 60 % stilling er knytt til Valderøy omsorgsdistrikt og om lag 20 % til Vigra omsorgssenter, men kommunen er for tida i ein prosess der ein vurderer å gå vekk frå integrerte turnusar.

Stillinga inngår i turnus med arbeid kvar 3. helg.

Vi søkjer ein engasjert sjukepleiar med fokus på god og trygg pasientbehandling, og i tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.

Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål om stillinga.

Det er krav om gyldig politiattest av ny dato.

Dokumentasjon på utdanning skal sendast som vedlegg til søknaden.



Arbeidsoppgåver

  • Sjølvstendig ansvar for at fagleg arbeid og tiltak vert utført i samsvar med vedtekne mål og retningsliner.
  • Ivareta dokumentasjonsplikta og ha fokus på fagutvikling.
  • Rettleiing og opplæring av medarbeidarar og studentar/elevar.
  • Bidra til eit godt samarbeid mellom brukarar og pårørande.
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø, både kollegialt og fagleg.
  • Bidra til eit godt omdømme.

Kvalifikasjonar

  • Offentleg godkjenning som sjukepleiar.
  • God digital kompetanse.
  • Sertifikat for bil.
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.

Personlege eigenskapar

  • Fleksibel, løysingsorientert og innovativ.
  • Gode samarbeidsevner.
  • Fagleg dyktig og kan arbeide sjølvstendig.

Vi tilbyr

  • Tverrfagleg samarbeid med fleire yrkesgrupper.
  • Spanande og varierte oppgåver i eit godt arbeidsmiljø.
  • Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.

Kontaktinformasjon

Iren Hovlid, avdelingsleiar heimebasert omsorg, 41702314

Elin Karin Hopland, nestleiar, 41702318

Helen Gjerde, nestleiar, 90249808

Janita Engeset Ellingseter, einingsleiar, +47 92620535

Arbeidsstad

Valderøya

6050 VALDERØYA

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Giske kommune



Referansenr.: 4828862360

Stillingsprosent: 80%

Fast

Søknadsfrist: 15.08.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Valderøya, 6050 Valderøya
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
357198408
Sist endret
09. juli 2024 08:28