Inaktiv

Reinhaldar, fast 40 %

Arbeidsgiver
Hyllestad kommune Samfunnsutvikling og teknisk drift
Frist
03.07.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi søkjer etter reinhaldar til reinhaldsstaben, 40 % fast stilling frå 1.8.2024.

Kvifor søkje hos oss?
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø, både i kollegiet og for brukarane av bygga
  • Arbeid på dagtid, for tida treng vi reinhaldar på skulen
  • Alle bygg i kommunesenteret kan vere aktuelle, vi legg opp til ein viss jobbrotasjon
  • Moglegheit til å påvirke eigen arbeidsdag og utvikle eigen kompetanse
  • Hjå oss kan du få ta fagbrev som reinhaldar på arbeidsplassen

I tillegg vert du medlem i KLP, eit av landets beste pensjonsordningar. Les gjerne meir om medlemsfordelane i KLP

Klar til å søkje? Gå rett til søknadsskjema her

Som reinhaldar vil dine daglege arbeidsoppgåver mellom anna vere:
  • Dagleg reinhald etter oppsett plan og regelverk
  • Periodisk reinhald/nedvask etter eigen plan
  • Andre oppgåver kan kome i tillegg
Vi ser for oss at du har

fagbrev som reinhaldar, men dette er ikkje eit krav. Det er ein fordel om du har erfaring frå reinhaldsyrket og kjennskap til moderne reinhaldsarbeid.

Godkjent politiattest og eigenerklæring smittevern må leverast før tiltreding.

Hyllestad kommune ønskjer at arbeidsstyrken skal gjenspegle mangfolket i befolkninga, og oppmodar difor alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss.

Kontakt

Fleire opplysningar om stillinga kan du få hos reinhaldsleiar Sølvi Nydal.

Hos oss vil du få ein gjeng med gode kollegaer som kan faget sitt, og som ønskjer å lære vekk sin kompetanse - samstundes som dei vil lære av deg.

Er du treningsentusiast får du gratis tilgang til treningsstudio i idrettshallen vår.

Vi ser fram til søknaden din!Om du har lyst til å vere med oss på laget - ikkje nøl, send oss ein søknad. Vi gledar oss til den dukkar opp i innboksen vår!Relevante lenkjer
  • Hyllestad kommune som framtidig arbeidsgjevar
  • Hyllestadinfo
  • Informasjon om bustadtilskot til førstegangsetablerarar
  • Sjå film om den fine kommunen vår!

Sjå andre ledige stillingar i Hyllestad på arbeidsplassen.no


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Lifjordvegen 7, 6957 Hyllestad
Stillingsfunksjon
Renhold, Annet
FINN-kode
357211093
Sist endret
17. juni 2024 06:14