HR-rådgjevar

Arbeidsgiver
HR-seksjonen, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
HR-rådgjevar
Frist
28.07.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Er du engasjert og kunnskapsrik innan personal og HR-faget? Ønskjer du å bruke kompetansen din til å gjere ein positiv skilnad i helsevesenet? Då kan du vere den vi treng på laget vårt!

Helse Møre og Romsdal er fylket sin største arbeidsgjevar og vår HR avdeling yter service av høg kvalitet innan HR, arbeidsrett og personalforvaltning til leiarane i føretaket. Vi skal bidra til å utvikle føretaket slik at vi kan møte morgondagen sine krav og rammer i spesialisthelsetenesta. HR-avdelinga består av HR-seksjonen og Bedriftshelsetjenesta.

Den ledige stillinga er i HR-seksjonen sitt rådgjevarteam. Hovudoppgåvene til dette teamet er leiarstøtte og rådgiving innan rekruttering, arbeidsrett, personalforvaltning, leiar- og organisasjonsutvikling samt arbeidsmiljø, nærvær og medvirkning. Vi har eit godt arbeidsmiljø der medarbeidarar med ulik bakgrunn og kompetanse utfyller kvarandre, deler kunnskap og samarbeider på tvers.

Vi søkjer etter HR-rådgjevar med brei kompetanse og erfaring frå HR sine fagområde. Vi ønskjer ein kollega som har kompetanse innan generell HR-rådgjeving, er endringsvillig og har eit innovativt tankesett som kan bidra til systematisk utvikling og forbedring av HR sine arbeidsfelt både operasjonelt, taktisk og strategisk.

Du skal vere ein ambassadør for helseføretaket sine kjerneverdiar som er tryggleik, kvalitet og respekt.

Arbeidsstad for dei fleste i HR-seksjonen er ved Ålesund sjukehus. Arbeidstaden kan delvis vere ved ulike institusjonar i fylket. Du må pårekne noko reising, til dømes mellom sjukehusa. Arbeidsstad kan avtalast.

Stillinga er ledig frå 1.november.



Arbeidsoppgåver

I denne stillinga vil du få høve til å bruke og utvikle kompetansen din innan:

  • Rådgjeving og saksbehandling innan HR sine fagfelt rekruttering, kompetanse, nærvær og medvirkning, ressurstyring og leiarskap
  • Rådgjeving og bistand etter gjeldande lovverk vedrørande arbeidsmiljø, konflikthandtering og personalsaker
  • Opplæring, støtte og utvikling av leiarar og leiargrupper
  • Systematisk samarbeid og forbetringsarbeid med andre stabseiningar
  • Prosess- og prosjektleiing, samt prosjektdeltaking lokalt og regionalt i Helse Midt-Norge

Kvalifikasjonar

Du har følgande kompetanse som gjer deg i stand til å trivast og meistre oppgåvene:

  • Relevant høgare utdanning, fortrinnsvis på masternivå
  • Erfaring frå ulike HR-område og kunnskapar om relevante lover og regelverk
  • Erfaring innan prossessfasilitering eller undervisning er ein fordel
  • Kunnskap om organisasjonsutvikling, prosjektleiing og omstillingsprosessar
  • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
  • Erfaring frå leiing eller helsetenesteorganissasjonar er ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Du likar ein arbeidskvardag prega av variasjon og sjølvstende, har god gjennomføringsevne og yter hjelp der det er behov
  • Du blir omtala som ein lagspelar, god kollega og ein aktiv bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø
  • Du er ein pådrivar for forbetring og har interesse for prosesstenking
  • Du har evne til å løyse komplekse problem på ein pragmatisk måte
  • Du er engasjert, nysgjerrig og kunnskapsrik
  • Du er svært dyktig til å spele andre gode gjennom samhandling
  • Du har evne til å arbeide systematisk, sjølvstendig og strategisk

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Kollegaer som vil støtte deg slik at du lukkast
  • Gode høve for fagleg og personleg utvikling
  • Ein jobb som gir meining og bidreg til å skape pasientverdi
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter avtale
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige lån og forsikringsvilkår

Ver venleg å laste opp attestar og vitnemål i søknaden din. Har du spørsmål, ta gjerne kontakt med HR-sjef Nina Cathrin Garshol.

Fylket vårt har uendeleg med mogelegheiter for naturopplevingar, og sjukehusbyane har eit særs rikt kultur- og konsertliv. Vil du lese meir om regionen vår kan du gå til Visit Møre og Romsdal

Kontaktinformasjon

Nina Cathrin Garshol, HR-sjef, +47 99 64 98 70

Arbeidssted

Åsehaugen 5

6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF



Referansenr.: 4828170667

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 28.07.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Stillingsfunksjon
HR, personal og rekruttering
FINN-kode
357218344
Sist endret
19. juli 2024 11:26