Inaktiv

Stipendiat i medisinsk visualisering

Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
Stipendiat i medisinsk visualisering
Frist
04.08.2024

Beskrivelse

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?


Stipendiat i medisinsk visualisering

Ved Institut for informatikk er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i medisinsk visualisering. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til EU Horizon prosjektet VASCUL-AID.


Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Målet med VASCUL-AID-prosjektet er å predikere risikoen for kardiovaskulære hendingar og progresjon av de vaskulære sjukdomane Abdominal Aortic Aneurysm (AAA) og Peripheral Arterial Disease (PAD). Dette skal påverke sjukdomsforløpet, forbedre pasientens livskvalitet og omsorg, samt hjelpe klinikarar med å ta betre informerte avgjersler som involverer pasienten. Prosjektet vil identifisere pasientar som har høg risiko for AAA-vekst eller PAD-progresjon og kardiovaskulære hendingar. Dette gjerast gjennom ei påliteleg AI-drevet plattform (VASCUL-AID) som integrerer fleire kjelder av parameter, inkludert bildebehandling, proteomikk og genomisk data, samt livsstilsdata fra bærbare eningar. Målet er å mogleggjere personleg tilpassa behandling av vaskulære sjukdommar. VASCUL-AID-plattforma består av AI-risikoprediksjonsverktøy, en pasientkommunikasjonsapp og eit klinisk instrumentpanel for å støtte kliniske avgjersler.

Det vil vere din jobb å:

  • Forske på og utvikle nye visualiseringsteknikkar for å lette effektiv pasientkommunikasjon for personleg tilpassa behandlings- og førebyggingsstrategiar.
  • Forske på og utvikle integrerte visualiseringsteknikkar for heterogene medisinske data for å gi innsikt til forskarar og omsorgspersonar.
  • Forske på og utvikle interaktive visualiseringsteknikkar for å visualisere korleis AI-verktøy fungerer og forklare resultata av desse, inkludert deira usikkerheiter, for å sikre transparens og byggje tillit til AI-baserte metodar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar
  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i informatikk, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje
  • God kompetanse innan programmering er eit krav.
  • Erfaring frå medisinsk visualisering er ein føremon
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar
  • Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane

Særeigne krav for stillinga

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.


For stillinga gjeldt følgande

Om stipendiatstillinga: Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga: Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.


Vi tilbyr
  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 540 500 (tilsvarande lønstrinn 55). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde
  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • CV
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert
  • Relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.


Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: professor Noeska Smit eller institutleiar Inge Jonassen.

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Karoline Christiansen.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.


Livet som ph.d.-kandidat ved UiB

Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.


Sektor
Offentlig
Sted
Thormøhlensgate 55, 5006 Bergen
Stillingsfunksjon
Forskning/Stipendiat/Postdoktor, Helsepersonell
FINN-kode
357220355
Sist endret
17. juni 2024 06:15