Kantinemedarbeidar - 50% vikariat

Arbeidsgiver
Setesdal vidaregåande skule, Agder fylkeskommune
Stillingstittel
Kantinemedarbeidar - 50% vikariat
Frist
01.08.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Er du glad i å lage mat, samt å jobbe med ungdom? Vi søkjer etter ein serviceinnstilt medarbeidar i 50% stilling (vikariat) på vårt kantinekjøkken hausten 2024. Du vil få stor fridom i utarbeiding av vekesmeny og matutval i kantina, og vi vil syte for god opplæring og overlapp med noverande kantinetilsett. Lengda på vikariatet er frå 02.09.24 - 31.12.24. Du vil bli tilsett på avdeling Hornnes, og drifte elevkantina for ca 160 elevar.

Setesdal vidaregåande skule består av avdelingane Hornnes, Valle og Hovden. Visjonen vår er "Vi vil vere ei drivkraft for kunnskap, utvikling og mangfald", og skulens fokusområde er læringmiljø, elevmedverknad og vurdering.

Agder fylkeskommune meiner inkludering og mangfald er ei styrke. Vi jobbar difor for eit inkluderande arbeidsliv og har eit mål om at våre tilsette i størst mogleg grad speglar mangfaldet i samfunnet. Vi har tett og godt samarbeid med bedriftshelsetenestene, og vi jobbar for å tilrettelegge for at alle våre tilsette kan utøve arbeidet sitt på best mogleg måte. Vi oppmodar alle kvalifiserte til å søkje, uavhengig av alder, kjønnsidentitet, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld dersom du har hatt opphald i arbeidslivet (hol i CV-en).

Arbeidsoppgaver

  • Er ansvarleg for dagleg drift av skulen si kantine på avd. Hornnes
  • Står for bestilling og vareutplassering på kantine
  • Syter å halde reinhaldsrutinar på kjøkkenet i samsvar med mattilsynet sine retningslinjer
  • Har ansvar for å sikre miljøvenleg drift av skulekantina i tråd med Miljøfyrtårn sine retningslinjer
  • Klargjer møtemat og mat til felles tilstellingar på skulen
  • Er ein del av skulen sitt miljøteam, og håndterar skulemiljøsaker etter regelverket.

Kvalifikasjoner

  • Relevant fagbrev innan restaurant- og matfag, kokkefaget eller barne- og ungdomsarbeidarfaget, og/eller erfaring med arbeid med ungdom og matlaging.
  • Kunnskap om ernæring og matlaging, samt erfaring frå liknande arbeid er ein fordel
  • Må kunne beherske norsk munnleg og skriftleg
  • Gode IKT-/datakunnskapar
  • Fordel med førarkort klasse B

Personlige egenskaper

  • Du har evne til å skape ein god relasjon med ungdom
  • Du likar å arbeide sjølvstendig og er ryddig og strukturert
  • Du har gode kommunikasjonsevner
  • Du er ein trygg vaksen for elevane

Vi tilbyr

  • Liten og oversiktleg skule med hyggelege elevar og kollegium
  • Ein arbeidsplass som har fokus på tillit, meistring og samarbeid
  • Tilsetting i tråd med gjeldande lovverk for Agder fylkeskommune
  • God pensjonsordning i KLP
  • Stilling som følgjer elevane sitt skuleår og feriar
  • For utfyllande informasjon om det å jobbe i Agder fylkeskommune, les meir på www.agderfk.no/jobb

Kontaktinformasjon

Åshild Bødal, Avdelingsleder skole, +4748602401

Arbeidssted

Gymnasvegen 7
4737 Hornnes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Agder fylkeskommune

Referansenr.: 4825228114
Stillingsprosent: 50%
Vikariat
Startdato: 02.09.2024
Sluttdato: 31.12.2024
Søknadsfrist: 01.08.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Gymnasvegen 7, 4737 Hornnes
Stillingsfunksjon
Mat og servering, Mat og servering / Kokk, Annet
FINN-kode
357607702
Sist endret
17. juni 2024 07:41